Skukk: – Skytja er altså ikkje forminskande form av skut, men eit eige ord, som tyder om lag det same, skriv Sigrun Røssbø. Foto: Steinar Hystad

Skut - skytje

Eg viser til artikkel på sistesida i Sunnhordland for eit par veker sidan.

Skytja (f.) tyder iflg. Norrøn ordbok skytje, skot, tilbygg.

Ivar Aasen: Norsk ordbog: Skytja (f.) en Tilbygning i en Lade, et smalt Rum paa Siden af Huset (i Stavbygninger kun om det Rum, som er udenfor Hovedstolperne).

Dei to ordbøkene viser altså godt samsvar om tydinga av dette ordet. Og det går tydeleg fram at det skal skrivast med tj (skytja), ikkje kk (skykkja), sjølv om uttalen somme stader skulle tilseia det; i andre dialektar kjem t'en tydeleg fram i uttalen. Men skytja er altså ikkje forminskande form av skut, men eit eige ord, som tyder om lag det same.

Les også
Skut, skytje og skukk

Skutr (m.) tyder iflg. Norrøn ordbok fram- eller akterende på farkost, helst bakskut. Verbet skúta tyder å skyte fram, henge utover (om ein bergnabb, t.d.)

Ivar Aasen: Skut (m.) 1) en fremragende Klippe, en Bjergvæg som skyder noget frem eller helder ud over en Hule. 2) en Udbygning paa et Hus; et Skur som er dannet ved en Forlængelse af Taget.

Gamle vestlandshus hadde gjerne ein slik skut, ei forlengjing/tilbygg til eine kortsida; det vart som oftast brukt til vedskjol. Grunnen til at ein no også kallar eit frittståande vedskjol for "skut" kan vera at namnet så å seia har "fylgt med" bruken, ein frittståande skut er jo ikkje ein skut i den opphavlege tydinga av ordet. Skytje trur eg derimot framleis hek\lst blir brukt om eit tilbygg, ei halvtekkje, til eit anna hus, men dette er eg litt usikker på.

Sigrun Røssbø