«For oss som arbeider i helsetenestene og stadig både opplever og høyrer rapportar om konsekvensane av legemangelen, er det sjokkerande å gong etter gong oppleva slik bagatellisering og ansvarsfråskriving», skriv Dag Sele. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Slepp motiverte legar til!

Når helsestyresmaktene våre uttaler seg om kapasiteten til å utdanna nye legespesialistar i Noreg, er det lett å få assosiasjonar til «Komiske Ali», informasjonsministeren som stod midt i krigen i Irak og hevda at det var fred og ro i området.

Ein treng ikkje ha sitt daglege arbeid i helsetenesta for å registrera den store mangelen på både spesialistar og legar under spesialisering i Noreg. Det er nærast daglege medieoppslag om skrikande mangel på fastlegar og sjukehuslegar. I tillegg til at det på enkelte avdelingar fører til alvorlege problem for drifta, er dette noko som fører til svære utgifter til vikarbyrå. På den andre sida er det lange køar av nyutdanna legar som ventar på å få såkalla LIS 1-stilling (tidlegare turnusteneste), som er det første steget i spesialiseringa. Langt under halvparten av ferdige legar får kvart år LIS1-plass og dermed mogelegheit til å starta på spesialiseringa si. Slik har det no vore i årevis, trass i ein viss auke av plassar under pandemien. Samtidig er det slik at me får mange historier om at arbeidspresset for dei som er så heldige å få LIS1-stilling ofte er bortimot umenneskeleg stort pga kronisk underbemanning på norske sjukehus. På den eine sida har me altså ikkje råd til (?) å oppretta mange nok LIS1-stilingar til å oppnå både levelege arbeidsmengder og tilstrekkeleg tilgang på nye spesialistar. Og på den andre sida aksepterer me svære vikarutgifter for å ha tilstrekkeleg spesialistdekning.

Kva seier så styresmaktene når dei blir konfrontert med dette? Allereie for mange år sidan uttalte tidlegare helseminister Bent Høie at dette nye systemet fungerte fint, fordi ein no hadde nok søkjarar til alle LIS1-stillingane (!) Og konfrontert med dagens situasjon kan me på NRK i dag høyra ein statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet svara at talet på LIS1-stillingar ifølgje deira kalkyler er rett dimensjonert i høve til framtidig legebehov. Samtidig blir det antyda at «problemet» er at det blir utdanna mange legar i utlandet. Det statssekretæren her peikar på er sjølvsagt ikkje forklaringa på problema over, men derimot eit sjølvstendig problem. Noreg utdannar kun ca 1/3 av legane sine sjølv. Resten overlet me til utanlandske universitet å tilby utdanning til, med m.a. tilsvarande høgare studielån for dei nyutdanna legane som konsekvens. Noreg er i særklasse dårlegast i Norden til å utdanna eigne legar. Pr. 2018 var det over 70 prosent av nye legar i Noreg som hadde utdanninga si frå utlandet. På neste plass kom Sverige med under 50 prosent og dei andre langt under dette igjen.

For oss som arbeider i helsetenestene og stadig både opplever og høyrer rapportar om konsekvensane av legemangelen, er det sjokkerande å gong etter gong oppleva slik bagatellisering og ansvarsfråskriving. Her må appellen til politikarane vera å løfta nasen frå reknearka sine og sjå seg om i den verkelege verda. Dersom kart og terreng viser seg å ikkje stemma er det ein dårleg strategi å venta på at terrenget skal endra seg!

For eigen del, viser eg til Partiet Sentrum sine programformuleringar på området:

Sentrum vil

Artikkelen held fram under annonsen.

• styrka den spesialiserte utdanninga av ulike helsepersonell; bl.a. auka talet på LIS 1-stillingar, slik at nyutdanna legar så raskt som mogleg får gjennomført si spesialisering.

• legga til rette for utanlandsstudium, men samtidig sørgja for at Noreg har stor nok utdanningskapasitet for ulike yrkesgrupper.

Dag Sele, sentralstyremedlem, Partiet sentrum