Prosadikt: Per Jan Ingebrigtsen publiserte eit lite prosadikt på Facebook torsdag kveld, og den positive reaksjonen let ikkje venta på seg. Her er diktet. Foto: Anita Haugland

Slik me kjem til å setja pris på livet

Dei små, sjølvsagde tinga i kvardagen

som me før knapt nok la merke til

kjem til å stå å glitra og skina framføre

augo våre.

Som smilet til ho som serverer meg ein bagett

med kylling og bacon

og veit presis kva slags grønsaker

eg vil ha på

Som ungen som kjem springande bort til meg

når eg går tur med Tassen, og spør:

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan eg klappa? Og eg svarar: Ja, han er

verdens snillaste

Som møteplassen vår i Bergen før me dreg

på kino eller teater, Den Blå Steinen, der det kan

yra av folk, som kjem tett innpå deg. Eg kjem til å

elska Den Blå Steinen

Som å stå i kø for å sleppa inn på ein konsert

med centimeters mellomrom til den framføre

Eg kunne hata slike køar. No kjem eg til

å elska dei

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så, fine du – som hoppar ut or Kystbussen

med famnen full av velkomstglede

og gir besten ein god klem. Den skal eg leva på

til me kan møtast igjen

Per Jan Ingebrigtsen