BIT PÅ: Reinert Svanberg synest det er rart at Magne Misje bit på kroken når han seier Frp fiskar i opprøyrt vatn. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Slik svarar Reinert Svanberg (Frp) på kritikken frå Magne Misje

Magne Misje meiner eg og Stord Frp fiskar i opprøyrt vatn. I tilfelle er det rart han bit på kroken, men Misjes vegar er ofte ganske uransaklege. Eg har ingen problem med å ta avstand frå Sian, noko også partiet vårt gjer. Som eg seier i avisa, folk flest greier å sjå forskjellen på å støtte retten til å ytre seg mot det å støtte sjølve ytringa.

I motsetnad til Misje meiner eg altså at dei fleste forstår at dette ikkje er ein debatt for eller mot Sian. Me gjer også vel i å ikkje gjere det til det. Det kan ikkje være slik at å prinsipielt stå opp for ytringsfridomen utgjer å støtte alle ytringar, lovlege eller ikkje. Eg meiner også at det er openbart at alle partia er for at ein skal kunne ytre seg utan å bli utsatt for vald. Difor reknar eg med at det blir ein kort debatt i kommunestyret og full oppslutning om interpellasjona, om den vert tillatt fremma for avstemming. Eg meiner det er viktig at me tydelig slår fast at det er uakseptabelt å utøve vald mot meiningsmotstandarar.

Les også
Vil fordømma angrep på Sian

Det er ein årsak til at interpellasjona ikkje nevner Sian. På tidspunktet den vart satt på papiret såg eg liten grunn til å gi Sian meir merksemd enn naudsynt, men i tillegg var det ikkje kjend kva som faktisk vart sagt. Det har både bladet Sunnhordland og Misje vist at var ei feilvurdering, sidan dei båe er meir opptatt av kva som blir sagt av Sian enn av kva som blir sagt av meg.

Elles registrerer eg at Misje synast å meine at minoritetar ikkje kan halde seg i skinnet når dei blir provosert. Det i seg sjølv er ein form for rasisme - dei lave forventningars rasisme. Dersom det er slik at ein meiner ein kan kome til å ty til vald når ein høyrer ei ytring, då har ein faktisk eit ansvar for ikkje å oppsøka ytringa.

Ad resten av Misje sitt innlegg kan eg berre slå fast at eg er forplikta på FrP sitt program som mellom anna seier at me tar sterk avstand frå forskjellsbehandling av menneske basert på kjønn, religion eller etnisitet. Det er ikkje krav til deltaking i ei demonstrasjon for å vise dette.

Misje har rett i at rasisme er eit alvorleg problem. Han tar likevel feil når han synast å hevda at ein som medlem av ein kvit majoritet ikkje har evna til ha forståing for korleis det er å bli utsatt for rasisme eller andre former for diskriminering. Dei aller fleste menneske har evna til å sette seg i andre sin stad. Den evna er ikkje avhengig av etnisitet eller partitilhøyrigheit. Heldigvis.

Reinert Svanberg, kommunestyrerepresentant Frp