Pris på straum: Målet vårt er å kunna levera straum til ei klimavenleg omstilling av Noreg, og leggja til rette for ny industri og nye arbeidsplassar, utan at forbrukarane sine straumkostnader går i vêret, skriv lesarbrevskribentane. Foto: Haakon Nordvik

Smartare bruk av straumnettet

Elektrifiseringa av Noreg vil gje folk lågare energikostnader. For å få til dette, treng me ein ny prismodell for nettleige.

Noreg er i gang med ei formidabel omstilling for å kutta utslepp av skadelege klimagassar. Elektrifisering av transportsektoren, både på landevegen og til sjøs, er blant dei viktigaste tiltaka. Utrekningar frå Energi Norge viser at dette vil bidra til 30 prosent lågare energikostnader for ein vanleg familie, temmeleg enkelt fordi elbilar krev vesentleg mindre energi enn diesel- og bensinbilar. Det utgjer om lag 8000 kroner i årleg sparegevinst for familien. Og me er på rett veg – bokstaveleg talt: I mars i år vart det for fyrste gong selt fleire nye elbilar enn fossilbilar i Noreg.

Viss alle skal hurtiglada elbilen samtidig, får me likevel trøbbel med kapasiteten i straumnettet vårt. Den smartaste løysinga er å fordela forbruket på fleire av timane i døgeret. Det kan dei fleste ladarane gjera automatisk. Då unngår me kostbare investeringar i straumnettet som forbrukarane må betala for. Det blir litt som med vegane våre: Det er dumt å byggja firefelts motorveg for å ta unna eit par timar med rushtrafikk, dersom ein kan fordela trafikken betre utover dagen. Det kan me med straumforbruket.

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan me spara heile 11 milliardar kroner i straumnettet ved å lada elbilane på tider av døgeret når straumforbruket generelt er lågt. Det er ein sparegevinst som bør koma straumkundane til gode gjennom lågare nettleige.

NVE vil om få veker senda ein ny prismodell for nettleige på høyring for å koma kostnadsveksten i forkjøpet. Modellen vil gjera det rimelegare å bruka nettet når det er god kapasitet, og litt dyrare når det er «rushtid». Folk flest – det vil seia 80-90 prosent av kundane – vil ikkje merka nokon skilnad på straumrekninga. Alle vil framleis kunne dusja og laga middag når dei ynskjer, men me treng ikkje koka poteter, vaske klede og lada elbilen samstundes for å ha det trygt og komfortabelt heime. Ny teknologi vil kunne hjelpa oss, men då må det vera lønsamt.

For oss forbrukarar er det ikkje noko nytt at prisane varierer etter kapasitet og tilgjengelegheit. Det kjenner me til frå bestilling av fly og hotell, kino, treningssenter og til dels prisane i matbutikken. Folk flest blir stadig meir medvitne om korleis dei kan bruka energien smartare og meir miljøvennleg. I ei undersøking frå Elbilforeningen svarar heile 90 prosent at dei er villige til å flytta ladinga av elbil til natta. Den nye prismodellen for nettleige vil gje betre pristilbod til nettopp desse smarte kundane.

Så kan ein innvenda at straum er eit meir komplekst og mindre handfast produkt enn fly og kino. Når ny prismodell skal innførast i straumnettet, må både styresmaktene og nettselskapa difor leggja seg i selen for å gjera det enklast mogeleg for kundane. God informasjon vil vera avgjerande for å lukkast.

Om nokon skulle mistenkja at fornybarnæringa ønskjer ny nettleige velkommen for å tena meir pengar, så kan me avkrefta dette. Styresmaktene har nemleg sett eit tak på kor mykje nettselskapa kan tena. Dersom prisen stig nokre timar i døgeret eller i veka, må den gå ned på andre tider. Målet vårt er å kunna levera straum til ei klimavenleg omstilling av Noreg, og leggja til rette for ny industri og nye arbeidsplassar, utan at forbrukarane sine straumkostnader går i vêret.

Olav Linga, konserndirektør i Haugaland Kraft

Magne G. Bratland, Haugaland Kraft Nett AS