Illustrasjonsfoto: Colourbox

Snakk om sjølvmordstankar

Det er ikkje så viktig korleis du spør. Det viktigaste er at du gjer det. Laurdag 10. september er verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Dagen blir nytta til å minna om kor viktig det er å snakka om sjølvmordstankar.

Vi som arbeidar med sjølvmordsforbygging i helsetenesta har eit ganske enkelt, men likevel vanskeleg mål; at fleire skal våga å fortelja at dei har sjølvmordstankar og at menneska rundt dei skal våga å spørja.

Førebygging av sjølvmord er ein samfunnsinnsats, og ikkje berre ei oppgåve for enkeltpersonar eller helseapparatet. Sjølvmordsførebygging handlar om meir enn helse: Det handlar om å ha eit godt miljø å veksa opp og bu i. Det handlar om å ha stabil økonomi. Det handlar om å ha moglegheiter til utdanning og tilgang til naudsynte helsetenester. Det handlar om å ha noko meiningsfullt å fylla dagane med. Og ikkje minst handlar det om å vera omringa av menneske som vil ein vel.

Gode relasjonar er sjølvmordførebyggande. Det er som regel dei som er nærast som får den vonde magekjensla. Samfunnet, helsetenesta og nettverket må jobba saman, og vi har eit felles ansvar.

Så kva gjer vi viss vi er bekymra for nokon, anten det er i jobbsamanheng eller privat? Eller kva viss ein sjølv har tankar om sjølvmord? I samband med ein kampanje for sjølvmordsførebygging i Helse Vest for eit par år sidan blei det laga ei nettside med råd til den som er bekymra for nokon, til den som har sjølvmordstankar, og til helsepersonell og fagfolk. Både der og på helsenorge.no finn ein konkrete tips og råd, både om korleis ein kan spørja, og om kva ein gjer dersom ein spør og personen svarer at dei har sjølvmordstankar. Det handlar om å ta mot til seg og spørja personen ein er bekymra for, direkte, om dei har sjølvmordstankar. Fortel gjerne litt om kva du har lagt merke til som gjer deg bekymra, og still eit direkte spørsmål.

Og hugs; det er ikkje så viktig korleis du spør. Det viktigaste er at du gjer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Lars Ravn Øhlckers, psykologfagleg rådgiver/psykologspesialist, Helse Stavanger/SUS

Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, avdelingsleiar Haugaland DPS, Helse Fonna