HELSING: Ellinor Austad Bergesen, dagleg leiar i Fitjar Frivilligsentral, helsar til dei frivillige. ARKIVFOTO: INGVILD SIGLEN BERGER

Sola bør skine på dei frivillige!

Eg har ønskje om å senda ei helsing gjennom aviso – ikkje berre fordi det er sommar, men fordi eg har lyst til at» sola skal skina» på dei alle dei flotte folka som arbeider frivillig.

Eg vil takka alle kjekke fitjarfolk som har meldt seg til oppgåver både i høve covid-19-inntog i bygda, og alle dei som bidrar året rundt med smått og stort. Og dette er òg ein høveleg anledning til å takka styret, rådsmedlemmar, medstifterar, gode støttespelarar, sponsorar, grasrotmiddel-gjevarar og samarbeidspartar.

Eit spennande halvår med høg aktivitet, som tok bråvending i mars – men aldri før har så mange vendt seg til sentralen for å vera med å løysa oppgåver!

Det er 468 frivilligsentraler i Noreg fordelt på 310 kommunar , og alle har som mål å utløysa sosiale møteplassar og vera eit bindeledd for frivillig innsats . Etter 12. mars fekk alle sentralar rundt om i landet vist kva dei var gode for – med å snu seg kjapt, mobilisera til hjelpetilbod og vera til støtte og glede der det var trong. Dette har òg styrka omdømet til sentralane.

Eg kan òg fortelja om kva aktivitetar vi har/kva frivilligsentralen gjer i Fitjar:

* Ope hus for ungdom 1 dag i veka (tilbod frå 8.trinn)

* Utkjøring av strøsand til eldre heimebuande

* Heimkjøring av mat til heimebuande eldre

* Følgjetenester til lege/tannlege og sjukehus

* Besøksvener

Artikkelen held fram under annonsen.

* Aktive Saman- der heimebuande eldre får tilbod om ein aktivitet saman med frivillige eller

praksiselevar ved Fitjar vgs helsefagarbeiderlinje

* Måltidsfellesskap ved lokalene Fitjar Seniorsenter

* Koordinering av tilsynsvakter ved Fitjar Kultur og Idrettsbygg mange dagar per veke

* Koordinator Internasjonal helg med mat og innbyggjarfest

* Koordinator for Trafikksikringsdag (annakvart år)

* Tilretteleggjar og koordinator for Fitjar IL sitt tilbod om bading ein dag i veka

* Kaffi og aktivitetar ved Bu-og servicesenter ved lunsjtider ein gong per månad.

* Fallførebyggjande styrketrening for eldre

* Tilbod om Fitjarkompis (integreringsprosjekt) der ein gjer kvardagsaktivitetar og blir kjent

Artikkelen held fram under annonsen.

* Studentveke med sjukepleiestudentar (sist i -19)

* Koordinering av TV-aksjonen

* Drop-in datahjelperar

* Tilretteleggjing av ymse seniorkurs (nettbrett/data)

* Fredagstrimgruppe (ute)

* Smittevern-vakter ved bueining for eldre under covid-19

* Telefonven

* Foredrag til skular, lag og organiasasjonar

* Nettverksarbeid og ideutveksling med andre frivilligsentralar i Sunnhordland

* Tilbod om handlehjelp etter utbrot av covid-19

Artikkelen held fram under annonsen.

* I tillegg sporadisk oppgåveløysing for lag og organisasjonar.

Eg vil ønskja alle ein riktig fin Sommar !

Helsing

Dagleg leiar i Fitjar Frivilligsentral

Ellinor Austad Bergesen