Per Jarle Valvatne er representant i fylkestinget for Arbeidarpartiet. Arkivfoto: Olav Røli

Spelet om E39

For Sunnhordland var det stor interesse knytt til korleis høyringsuttalen til Nasjonal transportplan (NTP) skulle bli for ferjefri E39. Fylkesutvalet sitt vedtak var for svak på det punktet, etter vår meining. Og det har vore jobba mykje frå Ap, Sp, KrF og V for å finne samlande formuleringar som skulle vise det reelle fleirtalet som faktisk er i fylkestinget for å sikre prosjektet.

Med denne formuleringa meinte vi at det skulle vere mogeleg: «Fylkestinget opprettheld visjonen om ein ferjefri E39. Ein ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergen gjev store samfunnsvinstar og auka verdiskaping i regionen og landsdelen. Kryssing av Langenuen må startast raskt.»

Les også
Hordfast-sjefen er optimist

Høgre og FrP hadde ei klarare formulering, og stemte sjølvsagt for den. Men det vi ikkje forstår, og som gjer at vi trur dei enten har rota seg vekk i det taktiske arbeidet, eller at dei har sett eigen stortingsvalkamp framføre regionen sitt behov, er at dei ikkje stemte subsidiert for Ap, Sp, KrF og V sitt framlegg.

Dei grunngjev det med at vårt framlegg opna opp for omkamp på trasè. Men det er noko hult. For det første er traseen vedteken, og det er uansett ikkje fylket som bestemmer den. For det andre seier dei at dei stolar så mykje på at Høgre i regjering gjennomfører tiltaket sjølv om det ikkje vart ei rein fleirtalsformulering i fylkestinget. Då skulle dei vel hatt same tiltrua i spørsmålet om trasé?

Les også
Vil krevja svar frå partiet sentralt

Vi kan ikkje skjøne anna enn at dette er eit taktisk mageplask frå dei ivrigaste Hordfast-tilhengarane. Og når dei no i etterkant på sosiale media klagar på at vedtaket fell ut eller er for veikt, så er det eit nytt sjølvskot. Vi som meiner det er viktig å halde oppe målet om ferjefri E39 må no i det minste snakke fram at avstemminga syner eit stort fleirtal for, der 30 stemte for kompromiss-forslaget og 17 for ei endå sterkare formulering.

Les også
Nederlag for Hordfast i seks timar langt maratonmøte i fylkestinget

For oss var ikkje kompromissforslaget eit forsøk på omkamp på trasse, men politisk vilje til å få størst mogeleg fleirtal for å gå frå ord til handling, og ta det første konkrete steget for å knyte Sunnhordland tettare saman med resten av Vestland gjennom utbygging av E39.

Per Jarle Valvatne, Ap

Mette Heidi Ekrheim, Sp,

Alfred Bjørlo, V

Trude Brosvik, KrF