Øyvind Kyvik understrekar at Stord Høgre ikkje støttar debattinnlegget Torbjørn Hauge har skrive.
Øyvind Kyvik understrekar at Stord Høgre ikkje støttar debattinnlegget Torbjørn Hauge har skrive. Foto: Kjetil Østrem

Står ikkje inne for debattinnlegg

Viser tillesarinnlegg som kom på trykk i avisa onsdag denne veka, som kunne gje inntrykk av at det reflekterte Stord Høgre sin politikk.

Hauge står på lista til Stord Høgre, men dette innlegget reflekterer kun hans eigne refleksjonar og synspunkt, slik han har høve til å gjera.

 

Stord Høgre tek sterk avstand frå dette innlegget, som forøvrig også var ukjent for oss før me las det i avisa. Straks innlegget vart kjend for oss, tok me kontakt med samtlege ordførarkandidatar i dei andre partia for å beklaga dette overfor dei, òg for å understreka at lesarinnlegget heilt og haldent står for Hauge si eiga rekning.

 

Stord Høgre har ført ein valkamp me er stolte av, og dette innlegget står i sterk kontrast til den valkampen me har ført, og står også langt ifrå det me som parti står for.

Øyvind Kyvik,

ordførarkandidat Stord Høgre

Magne Bjelland,

leiar Stord Høgre