GARDSDRAUM: – Trass i godt samarbeid med kommune og nasjonalpark om korleis planane kan utførast, og godkjenning av planane lokalt, vel Statsforvaltaren i Vestland og Miljødirektoratet å avslå søknaden frå det unge gardbrukarparet, skriv Leif Grutle i lesarbrevet. Biletet er brukt for å illustrera saka. Foto: Marius Knutsen

Staten knuser gardsdraumen til ungt par

NRK hadde 20. mars 2021 ei sak om eit ungt par som satsar på gardsdrift i Rosendal i Kvinnherad kommune. For å få nok grovfor til dyra vil dei gjere om eit beiteområde til slåttemark. Utfordringa er at dette området ligg i Hattebergsdalen landskapsvernområde. Verneforskrifta frå 2005 slår fast at nydyrking ikkje er tillete i området. Området innheld allereie slåttemark som har vore der frå før verneforskrifta vart vedteke.

Kvinnherad kommune og Folgefonna nasjonalparkstyre har gjort grundige vurderingar og kome til at verneinteressene ikkje vert skadelidande. Det er ikkje planlagt nemneverdige terrengforandringar.

Trass i godt samarbeid med kommune og nasjonalpark om korleis planane kan utførast, og godkjenning av planane lokalt, vel Statsforvaltaren i Vestland og Miljødirektoratet å avslå søknaden frå det unge gardbrukarparet. Direktoratet viser til forskriftene og meiner sjølve at dei har god nok informasjon til å ta ei avgjerd utan synfaring.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag meiner at Statsforvaltaren og Miljødirektoratet må ta eit steg attende og sjå på saka ein gong til. Det er lett å vise til ei forskrift, men når den aktuelle forskrifta står i vegen for å oppnå eit resultat som alle eigentleg ynskjer, må det vere mogleg å bruka skjøn og sunn fornuft. Målet med vern av den flotte Hattebergsdalen er å bevare det spesielle opne landskapet som er til glede for alle som ferdast der. Jordbruksareal som ikkje vert brukt og stelt fører på få år til kratt og skog, og det får me stadig meir av. Ein annan ting som alle ynskjer, er at ungdom skal satse på landbruk og busetje seg i distrikta. Unødvendige hindringar som dette, bidreg ikkje til det.

Avslaget har skapt reaksjonar både lokalt og hos stortingspolitikarar. Dei meiner avslaget er urimeleg og er overraska over at Staten overprøver det lokale sjølvstyret og vedtaket i nasjonalparkstyret. Det gjer ikkje situasjonen betre at statleg myndigheit heller ikkje vil kome på synfaring.

Alle politiske parti gir uttrykk for at dei i utgangspunktet ynskjer å auke det lokale sjølvstyret i slike saker. Særleg er regjeringspartiet Høgre høgt på bana for at lokale myndigheiter skal få større gjennomslagskraft. Denne saka er eit godt høve til å vise at ein verkeleg meiner det.

Leif Grutle, leiar Hordaland Bonde- og Småbrukarlag