TIL TENESTENE: «Skattepengane våre skal gå til å ta vare på barna og pleia dei sjuke. Ikkje til kommersielle eigarar», skriv Mohamed Kallel. Foto: Per Arne Flatberg.

Stopp profittfesten!

Altfor lenge har velferdsprofitørane fått vera med på ein profittfest betalt av fellesskapet sine skattepengar. Inga regjering har så langt gjort noko for å avgrense profitten, eit sterkt Raudt vil etter valet setja ein stoppar for profittfesten.

Kommersielle velferdsaktørar har eit sugerøyr i statskassen, og dei har overteke store delar av barnevernet, barnehagane, asylmottak og pleie- og omsorgstenester dei siste åra. Denne utviklinga har ført til at ideelle barnevernstenester blir skviste ut av kommersielle, og offentlege midlar som skulle gått til barnehage, skule, barnevern, sjukehus, omsorg og andre offentlege oppgåver endar opp som privat profitt. Dette skjer på kostnad av kvalitet og løns-, pensjons- og arbeidsvilkåra til dei tilsette.

Barnehagesektoren og barnevernsinstitusjonar er mellom dei velferdsområda der kommersielle aktørar har fått sterkast fotfeste. I mange tilfelle blir profitten kanalisert til skatteparadis. Raudt meiner målet må vera å vri eigarskap og drift av barnehagar og barnevernsinstitusjonar til det offentlege, der det kan vere eit visst innslag av ideelle aktørar.

Raudt skal på Stortinget for å sikra at offentlege løyvingar til barnehagar, barnevernsinstitusjonar og andre offentlege velferdstenester blir brukte til å sikra dei gode tenestene, og ikkje til privat profitt. Skattepengane våre skal gå til å ta vare på barna og pleia dei sjuke. Ikkje til kommersielle eigarar. På linje med friskulelova må det innførast forbod på profitt på nemnde velferdstenester. Men spørsmålet som står att, er: Vil ei ny raudgrøn regjering setja ned foten for profittfesten, eller vil de nok ein gong la seg pressa av mektige kommersielle krefter?

Mohamed Kallel

Stortingskandidat Raudt Hordaland