Talentskulen skal vera flaggskipet i Stord fotball sitt tilbod til unge fotballspelarar, er eit av poenga til Skjalg Myklebust som svarer på Sunnhordland sin leiar onsdag 31. juli.
Talentskulen skal vera flaggskipet i Stord fotball sitt tilbod til unge fotballspelarar, er eit av poenga til Skjalg Myklebust som svarer på Sunnhordland sin leiar onsdag 31. juli. Foto: SARA HØINES/ARKIV

Stord fotball svarar på leiaren til Sunnhordland

Det er med glede me i Stord Fotball registrerer engasjementet til Sunnhordland ileiar 31/7/19.

Engasjementet er enda større her hos oss, og fotballhjarta like eins.

Talentskulen har kanskje vore Stord sin største suksessfaktor sidan Brede Skistad tusla rundt i støvlane sine på stadion. Det har løfta kvaliteten på spelarane ifrå heile øya, i tillegg til nokre frå Bømlo – og dette er viktig. Talentskulen skal ikkje vera eit tilbod berre for spelarane ifrå Stord Fotball, men òg ifrå dei andre klubbane. Det er essensielt for mangfaldet og vidareutviklinga av den fantastiske fotballkulturen som finst i regionen vår. Me ser at talenta er vel så synlege «nord om bekkjen», og alle veit kva av spelarar som har komme frå Sagvåg opp gjennom tidene.

Breiddefotballen er berebjelken i dugnadsklubben Stord og dei andre klubbane. Me skal ta vare på alle som vil vera med, og alle skal få delta. Dette er eit viktig samfunnsbidrag og igjen viktig for at borna skal føle seg inkludert, fysisk utfordra, i tillegg til dyrking av meistringskjensla deira. Når det er sagt, er det òg i fotballen, viktig at talenta får ein plass å skina. Talentskulen har som mål å vidareutvikla dei som er litt betre og/eller vil litt meir. Det må òg vera lov i fotballen om me skal få fram talenta det blir referert til til i Leiaren.

Og så, til Sunnhordland sine spørsmål;

Me gleder oss over alle talenta me klarar å byggje opp – og ja, samstundes som me skulle ynskje dei vart i klubben lengst mogeleg, forstår me valet som Valland og kanskje andre kjem til å ta. Me tenkjer ikkje på at me mistar ein potensiell A-lags spelar, men heller at me lukkast med å få fram ein ung mann som vil marknadsføra Stord Fotball sitt opplegg, og som har ballasten han treng for å nå lengre enn kva Stord Fotball kan tilby.

Og det er sjølvsagt nøkkelen. Me kan ikkje tilby profesjonelle trenarar på G15/J15 nivå. Me er ikkje i ein økonomisk situasjon som tilseier at me kan løna eit heilt lag, og dersom me ein dag skal nå det, så må det byggjast med tolmod, og ifrå botn av. Og der er talentskulen nøkkelen. For sjølv om det forsvinn ein Valland eller Iversen, kanskje Neset, Østraat eller Nilsen òg, så er nivået bak slett ikkje langt ifrå. Me oppfordrar alle til å ta turen opp på Vikahaugane eller Prestegardskogen og sjå på talenta som legg timevis med trening i å verta betre. Det har vel aldri vore fleire gode aldersbestemte spelarar i Sunnhordlandsregionen eller fleire landslagsspelarar samstundes, som det er no.

Med andre ord, er vår strategi, gjennom talentskulen og den vanlege lagstreninga, å gi dei med ekstraordinære kvalitetar ein plass der dei kan skina, samstundes som dei lærar seg verdien av lagspel. Me skal ikkje utvikla stjernenykker, men stjerner. Stord Fotball skal og vurdera andre tiltak, men talentskulen er og skal vera flaggskipet. Me har ein ambisjon om å ta eit steg vidare med både herre- og damelaget kvart år dei neste tre åra, og lukkast me med det skrur me sjølvsagt ikkje ned ambisjonane. Stord Fotball har som mål å vera Sunnhordlands mest attraktive klubb, men i samarbeid med dei andre klubbane – og ikkje på kostnad av. Talentskulen skal vera eit Sunnhordlandsprodukt. Og om me ein gong kjem opp på toppfotballnivå igjen, skal det gjerast med ein lokal grunnmur og med eit fundament som er berekraftig. Det er, og skal framleis i framtida, vera tøft å spela på Stord, og me skal gjera det på ein måte som våre samarbeidspartnarar kan identifisera seg med.

Skjalg Myklebust,

styreleiar i Stord Fotball