TRAFIKKFARLEG: – Me håpar at det vert satt av nok midlar i budsjettet slik at trafikksikring i Skyttarhaugsvegen og Ådlands-området blir hensiktsmessig og framtidsretta, skriv Elisabeth Kvam for Ådland burettslag. Foto: Kjetil Østrem

Stord kommune og budsjett 2022 – investeringsplan for Skyttarhaugsvegen

Me som bur langs Skyttarhaugsvegen er oppteken av trafikktryggleik og opplever at vegstrekninga ikkje er godt nok sikra i dag, og er nøgde med at trafikksikring av vegstrekninga er tatt med i framlegg til investeringsplan for 2022.

Styret i Ådland Burettslag har likevel nokre spørsmål / innspel i samband med budsjettforslaget;

– Det er 30-sone på vegstrekninga, men me som bur langs vegen ser at farten sjeldan blir overhalden og er bekymra for at kryssing av vegen for å komme til fortau og busstopp kan medføre farlege situasjonar. Kva er planlagt for å få senke farten i området og sikre at kryssing av vegen både ved innkøyrsel til Spar Ådland og i krysset Ådlandsvegen / Skyttarhaugsvegen blir trygg?

Les også
Burettslag på Ådland fryktar biltrafikk kloss i husveggen

– Slik me oppfattar det er planen å endre vegtraseen slik at den blir smalare med møtelommer for passering av bilar med fortau på innsida. Skyttarhaugsvegen er busstrase og det køyrer trailerar med varer til Spar Ådland. Er det vurdert korleis dette eventuelt kan påverke dei trafikale forholda i området som f.eks oppbremsing i samband med møtande trafikk?

– Nokre av husa langs Skyttarhaugsvegen ligg tett ved vegen, blant anna 2 av rekkehusa i burettslaget. I dag er det nokre meters avstand mot vegbana, og det er gjerde / hekk som skjermar husa. Korleis er det tenkt at desse husa blir skjema mot å få bilveg / fortau heilt inn mot husveggen?

– Budsjettforslaget viser til ein reguleringsplan for området frå 2015, men med tanke på at turvegen langs Ådlandsvatnet er bygd etter at denne planen vart vedteken er spørsmålet vårt om ikkje trafikksikring i området bør vurderast på nytt? T.d. ved at gangvegen mellom Tysevegen og Spar Ådland blir knytta saman med gangveg ned til Krækjen og vidare til Ådland bru.

Me håpar at det vert satt av nok midlar i budsjettet slik at trafikksikring i Skyttarhaugsvegen og Ådlands-området blir hensiktsmessig og framtidsretta.

Elisabeth Kvam,

Styreleiar Ådland burettslag