SKAL BYGGJA HALL HER: Utvalsmedlem og Høgre-politikar Magne Bjelland forklarer i dette innlegget kvifor Høgre fremja motsegn til å regulera arealet til bygging av lagerhall på Eldøyane. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Stord kommune som næringsaktør

Ei av sakene til politisk handsaming i utvalet for plan og utvikling den 21. april, var ein søknad frå REN as om regulering av eit areal på Eldøyane. Arealet skulle nyttast til bygging av eit lagerbygg til oppbevaring av transformatorar. Høgre hadde motsegn til saka - noko som i ettertid har skapt ein del reaksjonar. Det kan difor vera greitt med ei grunngjeving av kvifor vi var imot.

Les også
Får lov til å byggja lagerhall her

Stord kommune har mange oppgåver i lokalsamfunnet vårt. Innan helse og omsorg, skule og oppvekst til ansvar for infrastruktur på vatn og avløp for å nemna nokre. Men Stord kommune er også ein stor eigedomsaktør. Med meir enn 500 ulike bruksnummer med ulik arealstørrelsar i sitt eige, er kommunen ein betydeleg eigedomsaktør i lokalsamfunnet vårt. Areala kommunen disponerer skal tena til det beste for innbyggarane våre. Noko areal har mindre verdi for allmennheita, men kan bety mykje for enkelpersonar. Vi har gjennom utvalet behandla mange mindre sal der enkelt personar har gjennom kjøp tileigna seg nokre ekstra kvadrat til si tomt. Dette kan vera areal-bitar som ligg att etter ei utbygging av byggjefelt, oppføring av eit offentleg bygg som skule eller etablering av kommunal veg. Resultatet er at dei areal-bitane ligg brakk, og ikkje lenger har noko særs verdi for kommunen eller allmennheita. Andre areal kan ha større verdi og stor betydning allmennheita. Ved sal av slike areal må kommunen tenka på det som tenar lokalsamfunnet/fellesskapet best. Eksempel på det kan vera areal for rekreasjon, parkanlegg, badeplassar, leikeplassar osv. Eller som i denne saka: Potensial for nye arbeidsplassar.

Ein kan fort falla i freistinga for å inngå sal av areal der ein kortsiktig gevinst kjem godt med der og då, men på lengre sikt ikkje gjev større avkastning i form av verdi til fellesskapet. For Høgre vil alltid ei verdivurdering stå i sentrum i saker som omhandlar kommunale eigedomssal. Det same gjeld ved kjøp av areal. Spesielt i dei saker kor det er potensial for nye arbeidsplassar.

Dei neste 10-20 åra vil bli ei brytningstid for store delar av næringslivet på Stord. Men slike brytningar har vi vore gjennom før. Les ein historia til nokre av dei største næringsaktørane her, vil ein lett kunna sjå alle endringane opp gjennom åra. Aker på Kjøtteinen er eit godt eksempel på det. Frå oppstart med sildoljefabrikk til reparasjon og bygging av små fjordbåtar. Derifrå til bygging av supertankar fram til bråstoppen med oljekrisa i 1974. Då starta oljeeventyret i Nordsjøen for fullt, noko som igjen har gitt oss nærare 50 år med velstandsutvikling i samfunnet vårt. Ei næring som i høgste grad enno er oppegåande. Men ser ein i glaskula med næringsindustri-briller på, ser ein også at denne næringa er på hell. Når siste oppdrag er utført, veit ein ikkje. Det kan ta år, men ein dag er det over. Då er det viktig at me evnar nok ein gong å omstilla oss til nye næringar.

Det er med bakgrunn i dette at Høgre fremja motsegn til å regulera arealet til bygging av lagerhall på Eldøyane. Lagerhallen vil ikkje bety nye arbeidsplassar, men høgst sannsynleg ha ei negativ innverknad på logistikken i området. Vi er sjølvsagt ikkje imot REN as. Dei har ei særs viktig oppgåve innan den nasjonale beredskapen vår. Vi er berre ueinig at arealet ein her har søkt omregulert, skal nyttast til eit «dødt» lagerbygg.

Det er for tida mange gode krefter i arbeid for å fremja Sunnhordland som ein framtidig havvindregion. Skal vi lykkast med det, treng vi både areal, infrastruktur og ikkje minst tilkomst til og frå sjø - som eksempelvis den nye kaien på Eldøyane (tungtransport). Sjølv om flytande havvind har mykje til felles med dagens leverandørkjede innan olje og gass, er det store «hol» i kjeda. Dette er «hol» som må fyllast med nye produkt eller nye tenester. Det kan igjen bety nye bedrifter, og dermed nye arbeidsplassar. Dei kjem kanskje ikkje i morgon. Kanskje heller ikkje til neste år, men eg er sikker på at gjer me dei rette vala som kommune, samt at næringslivet i regionen vinn fram i si omstilling, vil me også denne gong koma godt ut av denne «brytninga».

Artikkelen held fram under annonsen.

Til slutt vil eg understreka at Høgre si motsegn ikkje gjekk på tvers av inngåtte avtale mellom Stord Kommune og REN as. Den såkalla opsjonen i avtalen går ut på å få byggja eit lagerbygg – og det må dei sjølvsagt få lov til.

Magne Bjelland,

medlem av utval for plan og utvikling og leiar av Stord Høgre