Svarar: Jakob Bjelland og Stord senterparti svarer på spørsmålet om dei har gløymd valløfta. Arkivfoto: Marius Knutsen

Stord senterparti svarar på spørsmålet om dei har gløymt valløfta

Stord Senterparti vert utfordra på om me har gløymt valløfta våre om barnehagetilbodet i kommunen.

Det har me ikkje, og me er framleis opptekne av at me skal ha eit godt og variert barnehagetilbod der ein skal ha tilgang på plass i nærområdet.

Prognosane tyder på at Stord vil ha om lag 10 prosent overkapasitet av barnehageplassar i barnehageåret 2020-21, som svarar til at kommunen har over 100 fleire tilgjengelege plassar enn det vil vera born med rett til plass i barnehage.

Slik finansieringa av barnehageplassar er lagt opp får Stord kommune overført midlar frå staten i høve talet born med rett på plass, og må difor henta eventuelle pengar til å finansiera plassar til born utan rett på plass frå andre tenesteområde i kommunen.

Les også
Kjære Stord Senterparti

I tillegg har staten innført bemanningsnormer for barnehagar og skular, der kommunen ikkje har vorte kompensert for dei ekstra kostnadene dette medfører. Dersom nedgangen i barnetalet på Stord dei siste åra held fram, har ikkje Stord kommune økonomi til å halda seg med ein slik overkapasitet. Noko dei 5 største partia med 30 av 35 representantar i kommunestyret var samde om når kommunestyret vedtok budsjettet for 2020.

Sidan kommunen ikkje kan ta frå private barnehagar godkjenninga, og kommunen heller ikkje kan nekta private barnehagar å ta opp born utan rett til plass om dei skulle ynskja det, må kommunen avvikla kommunale barnehageplassar dersom ein skal redusera samla tal plassar. Me skulle ynskt kommunane hadde større styring med ein så sentral del av oppgåvene sine, men dette er regelverk staten har bestemt.

Me har forståing for at det er sterke kjensler knytt til Furuly barnehage, slik det er til alle barnehagane på Stord. Furuly er ein godt driven barnehage som har gjeve eit godt tilbod til born i mange år. Men det er ikkje grunn til å seia at ikkje dei andre barnehagane på Stord – både kommunale og private – også er godt drivne, og også gjev trygge og stabile oppvekstvilkår.

Og i høve om det finst alternativ i nærområdet må ein ha med seg at innanfor litt over éin kilometer luftline frå Furuly barnehage ligg fem andre barnehagar – Nordbygdo, Dalen, Sævarhagen, Ås og Sæ – med over 500 barnehageplassar. Som utgjer nær halvparten av barnehageplassane i Stord kommune.

Slik er det ikkje rundt Nysæter, som ligg i eit område som allereie har underkapasitet. Dersom barnehagen på Nysæter vert lagt ned, betyr det at kvart fjerde born i Sagvåg/Litlabø må ut av bydelen for å få barnehageplass.

Les også
Nei til nedlegging av Furuly barnehage

Dette betyr ikkje at Stord Senterparti har bestemt kva konklusjon me kjem til å landa på i denne saka. Ein grunn til å peika på Furuly barnehage i utvalet, var nettopp for at føresette og tilsette i Furuly skulle få høve til å uttala seg slik ein har gjort på Nysæter barnehage i forkant av budsjettet for 2020 der Nysæter var føreslått nedlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei anna viktig vurdering er kor trygg ein er på prognosane som tilseier 100 fleire plassar enn det er born med rett på plass. Me lyttar alltid til gode argument, og har allereie sagt frå at ein er velkommen for å leggja fram sitt syn på vårt gruppemøte neste veke.

Silje Vatna, gruppeleiar

Jakob Bjelland, varaordførar

Stord Senterparti