NYTT KAPITTEL: Liv Kari Eskeland (H), olje- og energiminister Tina Bru (H) i midten og Magne Bjelland i Stord Høgre.

Store mogelegheiter for Sunnhordland-regionen

Kongen har ved kongeleg resolusjon avgjort at områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II skal opnast for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs. Det inneber at det blir mogleg å søkje konsesjon til vindkraftprosjekt til havs.

Dette vart annonsert av olje- og energiminister Tina Bru under ein båttur til Utsira og HywindDemo utanfor Haugesund i Rogaland 12. juni.

No skriv vi eit nytt kapittel i norsk energihistorie. For fyrste gong vil det bli mogleg å søkje om konsesjon for større prosjekt for vindkraft til havs på norsk sokkel noko som vil gje høve for norsk industri til å ta del i denne satsinga. Vi treng fleire bein å stå på i det grøne skiftet, og dette er enda eit stort steg for havvindnæringa i Noreg.

Les også
Regjeringa opnar område for havvind

Det er havenergilova som ligg til grunn for konsesjonsregimet til produksjon av fornybar energi til havs.

Framlegg til forskrift til havenergilova var på høyring i 2019. Departementet fekk mange gode innspel i høyringa, og det har vore viktig å finne den rette balansen mellom å legge til rette for denne nye næringa og samstundes sikre at det blir teke omsyn til andre interesser, som til dømes fiskeri, i dei kommande konsesjonsprosessane.

Det har vore jobba godt, både i akademia, i industrien og politisk for å kome hit vi er i dag. Vi kan nytte den unike kompetansen vi har opparbeidd oss innan petroleumskompetansen vi har bygd opp dei siste 50 åra.

Samla legg områda til rette for 4 500 MW med vindkraft. Samstundes legg vi viktige avgrensingar på aktiviteten av omsyn til anna aktivitet og til miljøet. Områda legg til rette for utbyggingar som kan produsere kraft tilsvarande forbruket til over ein million husstandar. Men viktigast blir likevel den kompetansen vi no kan bygge vidare på. Områder for botnfast havvind er i ferd med å bli fylt opp. Flytande havvind vert neste skritt. Høgre er opptekne av at Noreg skal vera med og bidra med kompetanse og industriarbeidsplassar i den grøne framtida som teiknar seg der framme

Les også
Steinar Røgenes: – Havvind kjem til å bli ein viktig industri

For Sunnhordland som region betyr vedtaket store industrielle mogelegheiter. Med sine naturgitte føresetnader - store djupne, areal i sjø og på land, samt geografisk nærleik til området kan dette bidra med hundretals av nye arbeidsplassar i regionen. Vert heile potensiale på 4.500 MW realisert, betyr det kring 350-400 vindmøller. Sett i relasjon til dei 5 som ei tid tilbake vart montert på Eldøyane, er dette noko som kjem til å ruva langt meir under byggefasen i Sunnhordlandsbassenget.

Ein skal sjølvsagt glede seg over vedtaket, men også ha ei realistisk og nøkternt tilnærming. Dette er ein god start, men det står enno mykje arbeid att før ein fysisk vil sjå resultat i form av vindmøller. Så er det viktig å understreka at dette ikkje er «den nye olja». Internasjonalt er havvind ei gigantisk næring, men marginane er små og konkurransen svært hard. Skal me nå fram, må me jobba smartare og ligga i forkant med teknologien. Det er noko næringslivet i vår region kan.

Det er også oppløftande at havvind no byrjar auka i våre nærområde. To dagar før gladmeldinga om Utsira Nord og Sørlige Nordsjøen II vart lansert, vart Scotwind-Skotland utlyst. 17 områder med til saman 10.000 MW havvind. Irland har også store ambisjonar innan havvind. At landa rundt Nordsjøbassenget deler felles tankar vil hjelpe på vår utvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Havvind er for oss ei ny næring. Tar me kloke val - både lokalpolitisk og i næringslivet, kan Sunnhordland kanskje ta posisjonen som havvind regionen i Norge.

Liv Kari Eskeland, Energi og miljøkomiteen (H)

Magne Bjelland, Stord Høgre