– Det som må til er ei lovendring som sikrar kommunane betre styring over barnehagesektoren. Kommunane må kunne stille same krav til private aktørar som til dei offentlege barnehagane, skriv Marit Himle Pedersen i dette lesarinnlegget. Arkivfoto: Marius Knutsen

Storpolitikken sine utslag for folk flest

Denne opplevinga er frå kommunestyresalen på Stord, men kunne nok vore den same i andre kommunar i landet vårt. Dette er eit tankevekkjande døme på korleis feilslått nasjonal politikk, som er utgått på dato, slår ut for folk flest.

Stord kommune er i pengenaud. Innsparingar må til i alle sektorar, til og med i ein barnehagesektor som er kutta til beinet og vel så det. No ser politikarane seg nøydde til å leggja ned 1 av 4 kommunale barnehagar. Gjennomfører dei det, vil kommunen ha 18 (!) % kommunale barnehageplassar. Resten er stort sett plassar i kommersielle barnehagar.

Open høyring om framlegg om kutt i kommunale barnehageplassar, vart ei sterk oppleving tysdag kveld. Som HTV i Utdanningsforbundet Stord i 10 år har eg vore på svært mange slike høyringar og halde innlegg sjølv opp igjennom åra. Seansen tysdag kveld vart fyrste gong eg måtte tørka ei tåre, og eg var ikkje den einaste som måtte det i den fullsette kommunestyresalen.

Les også
Foreldre og barnehagetilsette heldt tordentalar under open høyring på Rådhuset

Dette var eit opprør mot utviklinga i barnehagesektoren og eit klart varsku om at no er det nok! Slik vil ikkje innbyggjarane på Stord ha det. Kor er mangfaldet blitt av?

Unge foreldre med eit svært høgt refleksjonsnivå om kva som er best for eigne og andre sine barn; ja for heile oppvekstmiljøet på Stord, presenterte innlegga sine.

Ei samla fagrørsle ved Stord sjukehus peika på kor viktig det er for tilsette ved lokalsjukehuset vårt at tilsette har kort veg til barnehage. Fleire peika på nærleik til barnehage som ein av grunnane til at dei kom heim att til Stord eller søkte seg jobb på Stord. Eit lokalsamfunn med tilbod om barnehage og skule nær der ein bur er viktig for mange. Me skal ikkje samanliknast med storbyar med kjempestore barnehagar sentralt plassert.

«Det tek ein landsby å oppdra eit barn» vart det sagt, og Stord er vår landsby. Eit mangfald av barnehagar er viktig for vår landsby. Det vart tydeleg for alle i kveld.

Dei tilsette ved fleire av dei kommunale barnehagane peika på at det er eit stort paradoks at deira kompetanse og erfaring blir nytta som argument for at kostnadane i kommunale barnehagar er for høge? Kor vart det av fokuset på kvalitet?

Les også
Vil heller leggja ned Furuly barnehage enn Nysæter: – Veldig skuffa og overraska

Lokalpolitikarane har eit stort dilemma når dei no skal fatta vedtak i denne saka, som er ein del av det å få budsjettet for 2020 i hamn. Men må dei leggja ned ein barnehage? Eitt anna alternativ kan vera å redusera overskotet på budsjett 2020 slik at ein kan setja seg ned å ha ein solid gjennomgang av kva ein vil som barnehageeigar. Eit meir langsiktig fokus treng både born, foreldre, tilsette ja heile lokalsamfunnet vårt.

Men eg veit at lokalpolitikarane sitt handlingsrom er lite. Eg har sjølv over mange år vore tett på desse prosessane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det som må til er ei lovendring som sikrar kommunane betre styring over barnehagesektoren. Kommunane må kunne stille same krav til private aktørar som til dei offentlege barnehagane.

Viss ikkje stortingsfleirtalet endrar lova som i dag fredar kommersielle barnehagar, vil ikkje lenger barnehage vera eit offentleg velferdstilbod.

Kommersielle aktørar får då gjera seg uavhengige av offentlege driftsmidlar og foreldrebetaling når dei skal bygga opp rikdommen sin. Dette går ikkje lenger!

Marit Himle Pedersen