Koronalova: Magne Rommetveit (Ap) som sit i Stortinget sitt presidentskap, skriv i lesarbrevet om korleis ein har handtert koronakrisa i Stortinget.

Stortinget i krisetider

Spesielle tider krev spesielle løysingar. Det er ei sanning me alle har vore nøydde til å ta inn over oss den siste tida. Det gjeld også for oss som er på Stortinget. Me kjenner på alvoret i situasjonen og på behovet for handling, og me kjenner på det særskilde ansvaret for at Stortinget sitt arbeid er i tråd med demokratiske spelereglar og med god, open og tillitsfull dialog mellom alle parti.

Det har sidan 1814 vore ein styrke ved Stortinget si historie at representantane har tette band til dei distrikta dei kjem frå. Det har vore og er ei uvurderleg kjelde til kunnskap om korleis innbyggjarane sin situasjon er, og kva problem dei møter. Stortingsrepresentantane brukar no mykje av tida si i sine eigne valkrinsar i heimfylket på dialog med folk, institusjonar og leiing og arbeidstakarorganisasjonar i bedrifter. Og det gjer me for å vera betre oppdaterte på korleis denne krisa påverkar folk sin kvardag. Anten det skjer digitalt eller på anna forsvarleg måte, så er denne kontakten viktig når me som Storting skal finna dei beste løysingane for å handtera denne krisa no og i fortsetjinga.

Dei utfordringane både Norge og resten av verda møter i koronakrisa, krev mottiltak som me aldri før har sett maken til. Me må ta ansvar for å finna fungerande løysingar på dei mest presserande oppgåvene. Og me må gjera dette på ein måte som er i pakt med det demokratiet Norge møysomeleg har bygd opp.

På Stortinget står me også i denne vanskelege tida klare til å ta dei viktige debattane, og følgja opp med dei vedtaka som er rette og som er naudsynte. Sidan krisa braut ut har Stortinget arbeidd på høgtrykk, for å handtera krisa og for at samfunnshjula blir haldne mest mogeleg i gang. Situasjonen endrar seg frå dag til dag. Det same gjer kunnskapen vår om, og forståinga for pandemien og dei verknadar kampen mot den har på samfunnet vårt. Det er naudsynt med ein open og kontinuerleg debatt om dei tiltaka me grip til, for at me skal koma fram til dei beste vedtaka. Og for at dei framleis skal bli møtt med forståing og med oppslutning. Det er i denne situasjonen godt å sjå at partia på Stortinget også kan samarbeida når det røyner på som verst, og at me har samla oss om felles løysingar på mange av dei store utfordringane me møter i denne tida.

Det er klart at viss me skal lukkast som samfunn må ingen stå åleine gjennom denne krisa, og me må sikra tryggleik for arbeid og helse.

For at Stortinget skal kunna utføra oppgåvene våre også i tider som kjem har me også tilpassa oss helsestyresmaktene sine retningsliner på mange område. Det gjeld også i det parlamentariske arbeidet. Ved å avgrensa talet på møtande representantar i kvart stortingsmøte til 87 av dei 169 som er valde inn, tek me naudsynte smittevernomsyn. Grunnlova sitt minstekrav er at halvparten av representantane skal vera til stades i stortingssalen når møta vert sette og når det er votering. Dette blir gjort i tråd med innarbeidde prosedyrar, der partia sørgjar for at styrkeforhold og representativitet er rett.

Regjeringa har i denne tida der det er viktig å kunna fatta vedtak raskt, fått utvida fullmakter gjennom den såkalla Koronalova. Den blei først gjeldande for ein månad, og har sidan blitt forlengja med ein siste månad. Stortinget har gjennom dette slett ikkje gitt frå seg styringa av landet. Det er ennå sånn at:

- Dei demokratiske prinsippa skal gjelda.

- Koronalova har i seg sterke mindretalsrettar. 1/3 kan avvisa endringar.

- Det er framleis sterk domstolskontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Menneskerettane blir varetekne.

- Og lova er altså avgrensa til å verka i 2 månadar.

Og me veit ikkje kva dei næraste månadane vil bringa oss av utfordringar. Me i presidentskapen og Stortinget er budde på å møtast også gjennom sommaren om situasjonen skulle krevja det.

No gjeld det for oss alle å bidra med det me kan i ei vanskeleg tid. Ein dag skal me sjå oss tilbake, og hausta endå fleire lærdomar og vonleg koma styrkja ut på den andre sida. Vårt håp i presidentskapen er at koronapandemien, mellom mykje anna, også blir hugsa som ein periode der demokratiet og konstitusjonen bestod testen i møte med ei av dei verste krisene landet vårt har opplevd i moderne tid. Med tryggleik for rettsstatsprinsipp, Grunnlova og demokratiet er og blir verande i full funksjon- også i det som e

Magne Rommetveit, stortingsrepresentant Hordaland, Arbeidarpartiet, Stortingets tredje visepresident