Støtte til ishall på fylket
Fylkeskommunen har eit ekstraordinært overskot som skal fordelast. Her i Stord og Sunnhordland håpar me å få realisert eit regionalt ishall-anlegg, med støtte på 15 mill. frå fylket. Det er fylkestinget som deler ut dei store midlane, ikkje komiteane, liks med at det er kommunestyret som gir ut midlar i kommunen, og komitear deler mindre summar direkte.
Venstre og posisjonen på fylket løfta søknaden frå Stord kommune frå komiteen, og vidare til der avgjerslene om slike store beløp vert fatta.
Eg skulle ønska at Høgre, Frp og AP heller enn å kjekla om teknikalitetar, tok å samkøyrde innsatsen og innspela opp mot våre fylkespolitikarar. Så slepp me kunstige diskusjonar om kven som «er mest for» ein ishall.
Når me forhåpentlegvis lukkast med tommel opp frå fylket kan me/har me løyva/omprioritera (alt etter ønska framgangsmåte) det kommunale bidraget for å realisera ein ishall. Stord Venstre jobbar godt med vår fylkestingsgruppe for å utløysa fylkeskommunale pottar til ishall, museum, sykkelvegar osb., og vil halda fram med det.
Geir Angeltveit, gruppeleiar i Stord Venstre