LEI: – Om ein ikkje stansar denne snøballen som veks og veks snart, så ser ein den perfekte oppskrift på inflasjon og kaos, skriv industriarbeidar Rune Svensen. Her saman med kollega Hanne Beathe Grubbe Gangaas ved eit tidlegare høve. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Straum, pandemi og det grøne skiftet

Lei no, ja det er sikkert og visst. Og eg veit at eg ikkje er åleine om det.

Lei av stadige prisrekordar som blir meldt i media.

Lei av virus og variantar som til stadighet dukkar opp.

Lei av flosklane berekraft, grønt skifte, fornybar, elektrifisering.

Nytt år nye mogelegheita, eller?

Synd at haustens valkamp ikkje handla om straumprisar. Det er i alle fall noko som råkar «vanlege» folk. Allereie i august hadde ein pris på nivå med januar. Det er folk som i årevis har åtvara mot det som no skjer, men er blitt sett i båsen konspirasjonsteoretikarar, av sånne som visstnok forstår mykje meir enn oss vanlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan gjekk det lukt åt hellsikke. Unnskyld uttrykket, men sånn vart det.

Eg skal ikkje leggja skyld på dagens regjering når det gjeld pris og rekordar. Det har vore ein tverrpolitisk lite vellukka energipolitikk dei siste 30 åra. At nokon trur at ein her i Noreg skal kunna forsyna Europa frå våre 150TW med straum inn på eit marknad som krev 4000TW er rett og slett utopi. Ikkje om ein legg kvar einaste bekk i røyr og sett opp vindturbinar på kvar ein knatt, knaus og fjelltopp hadde ein klart å dekka behovet som skal mangedoblast etter kvart som det grøne skiftet held fram og alt skal elektrifiserast.

Straumen er dyr her til lands grunna høge CO₂-prisar, mangel på vind og ekstreme gassprisar får ein stadig prenta inn. Det har nemleg ingen ting med eksportkablane ut av landet å gjere. Dei importerer også, dei her kablane, spesielt høge prisar. I det siste faktisk prisar som overgår dei europeiske. Det var attpåtil nokre politiske hovud som på Twitter-plattforma uttrykte sin store skepsis til Noregs gasseksport, fordi det var med å pressa prisen på straum opp. Dei viste til ein som hadde eit innlegg i Bergens Tidende om det at ein må kvitta seg med gass. At han har agenda for grønt skifte og kun det miljømessige var visstnok ekstra bra.

Ein spør jo dei her på den sosiale plattforma om kva prisnivået ville vore utan gass. Svar får ein sjølvsagt ikkje.

Les også
Verkstadklubbane blir nedringt: – Om industriarbeidarar slit med å betala straumrekninga kan ein berre tenkja seg kva andre gjer

Misforstå meg rett, sjølvsagt skal ein tenka miljø og naturhensyn. Men med det som ein no er vitne til så blir det fleire og fleire som ikkje kan prioritera slikt i kvardagen. Det er jo ikkje tvil om at prisar på alt naudsynt vil auka framover. Så ein må til med knallharde prioriteringar på kva som er mest naudsynt, og kva ein må forsaka. Sjølvsagt vil det gå utover butikkar og arbeidsplassar ein må setja i andre og tredje rekke grunna denne enorme ekstra usosiale skatten ein har fått. Så då blir nok hensynet til berekraft og miljø noko som må puttast langt ned på lista. Ein har beint fram ikkje råd.

Pandemi har jo vist oss korleis prisar kan auka dramatisk, og kor mange næringar som er ekstra utsett for omløp av kroner frå deg og meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jo, det er utanlandskablane og nedtapping av kraftmagasina som er hovudårsaka til ekstremprisane.

– Hugsar du sommaren og hausten 2020?

Ekstrem kald, våt og ufyseleg sommar og haust var det. Prisen på straum var noko av det lågaste på mange år. Då var det nok nokon som styrer kraftbransjen som bestemte seg for at dette må ein aldri måtte oppleva om att.

I kombinasjon med ein fin sommar 2021 så fekk ein vinterprisar allereie i august som sagt. Ikkje nok med at Tyskland og andre land i Europa stenger ned atomkrafta si og andre tradisjonelle produksjonar av straum, satsar på vind og sol som er ustabilt og gjer enorme svingingar, så skal altså ein her til lands elektrifisera plattformene som hentar opp gass og olje. Noko som spesielt her på Vestlandet vil føra oss ut i eit uføre med manko på tilgang til straum. Det grøne skiftet og miljøhensyn.

Det er ikkje det. Oljeselskapa slepp den berykta CO₂-avgifta. Og kostnaden på 50 milliarder pluss er det du og meg som skal ta. I tillegg til ekstreme straumprisar.

Gassen som ein brukar til produksjon av straum i gassturbinar på plattformene forsvinn ikkje i lause lufta. Den blir jo selt inn på ein svolten gassmarknad. Vinn vinn for Equinor og co. med andre ord. Og litt betre rekneskap i det norske klimabudsjettet, men globalt? Nei, ein er ikkje aldeles toskjen heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pandemien har fått mange av oss til å setja mykje av livet på vent. Ikkje kan ein vera med på ting, ein vurderer hensyn til seg sjølv og andre. Sjølv så er eg og min familie storbrukarar av kulturtilbod rundt om kring. Fann ut etter nokre konsertar og festivalar i 2019 at her er det lurt å laga seg ein sparekonto. Så byrja med å setja av månadlege sum frå den sommaren.

Så gjekk det som alle veit. To år med heller lite aktivitet, men eg heldt fram å spara. No må eg spretta opp den sparekontoen. Ikkje til kultur og andre aktivitetar som hadde komme godt med i ein bransje som er hardt ramma av tiltak. Nei da. Til kommande straumrekning. Så beklaga der, kulturlivet.

Så kjære Vedum og Støre. Om ein ikkje stansar denne snøballen som veks og veks snart, så ser ein den perfekte oppskrift på inflasjon og kaos.

Fleire og fleire melder no at vårens lønsoppgjer ikkje kan bli noko kjære mor og vakre ord. Her må det hard valuta til. Om ikkje så skjer, så er streik, misnøye og kaos fakta. Misnøyen brer om seg allereie.

Som vanleg løna i industrien og fagorganisert så ser eg til mitt fagforbund og LO som dei som nå må opp og fram for å tala oss vanlege si sak. Om ikkje så må ein også vurdera om kostnaden med eit medlemskap må vurderast og heller brukast på galopperande utgifter til stat, kommune, kraft- og nettselskap.

Det er alvor no.

Rune Svensen, industriarbeidar

medlem av Fellesforbundet og LO