FRYKTAR KONKURSAR: «Personleg veit eg det er bedrifter som no lyt bruka overskotet for å betala straumrekningane, og dei er mange», skriv lesarbrevskribenten Foto: Illustrasjon

Straumen som forsvann

Ja, snart kan me kanskje i verste fall sei det om straumen, som landet er og har vore bygd opp og fram mot, frå ca. 1900 til i dag. Straumen har vore maskineriet og drivkrafta for at mange i landet kan gå på arbeid, eta seg mette og halda varmen i hus og heim. Takka vera dyktige, framsynte og jordnære personar. Som såg eksistensen for eit Norge bygd opp og drive på rein energi, med små kostnader.

Ca. 1990 vart det laga ein ny lov: Energilova. Tanken var sikkert grei, men det viser seg at etter den tida så overlèt ein politisk styring til selskap innanfor kommune, fylke og stat. Som oftast eit A/S. Dette har fungert slik at avkastninga frå straumoverskot har gitt pengar til eigarane, der ein også litt om litt har funne ut at med å selja krafta i ein marknad, så ville ein kunna få endå meir pengar. Ein har på ein finurleg måte klart å manøvrert og rigga eit system, der folket har måtte betala ei dyr nettleige for at eigarane har kunna bygd kablar til Europa.

No ser me resultatet. Avtalane med Europa er så dårlege at me sit att med svarteper. Me betalar meir for eigen strøm, enn me sel den for. I tillegg har ein klart å importera Europeiske straumprisar inn i vårt eige land. Dette vil enda med konkursar, utflagging av bedrifter, folk utan arbeid og mange på sosial støtte. Dette er ikkje noko skremsel, men fakta. Me har alt sett bedrifter som er råka og går konkurs. Eksempel: Gartneri og bedrifter som nyttar mykje strøm i produksjonen.

Personleg veit eg det er bedrifter som no lyt bruka overskotet for å betala straumrekningane, og dei er mange. I tillegg veit me at alle straumavtalar med visse mellomrom må reforhandlast. Dette som no skjer med straumprisane vil også påverka desse. Me risikerer at me legg ned industrien og arbeidsplassane, og fasar dei ut til Kina, der dei berre fyrer med meir kull. I tillegg skal me elektrifisera sokkelen. Dette kun for at på papiret så skal miljørekneskapen sjå flott ut. Det er kun ei løysing her, det er å nytta gassen til straumturbinar på plattformene. Det er jo slik gassen endar opp i Europa, der dei nyttar den til straum. Altså utflagging til Kina og elektrifisering kallar ein det grøne skiftet. Skal me finna oss i dette?

Nei, meiner eg, og mange med meg. Norge skal ikkje vera ein koloni for Europa. Den tida er forbi. Straumen skal me nytta til eige behov, og selja eventuelt overskot til gode prisar. Kort fortalt: Stikkontakten rett i veggen som landet er bygd opp rundt, med minst mogeleg energitap. Dette vil krevja ein innsats av våre politikarar.

Også dei som meinte at kablar og energiavtalar ikkje ville påverka prisen negativt. Dei tok feil, medan folket og protesterande ordførarar som var i mot, fekk rett. Dei må no kunna innrømma feilen dei tok. Sikkert tungt for nokon, men no gjeld det framtida til landet vårt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er sikker på at avtalane går greitt å reforhandla. Tenk berre all gassen, fisk og olje som me leverer. Gode kort på handa dersom viljen er til stades. Eg føler eg er lei av prat og lovnader kvifor dette har skjedd osv. No lyt grepa gjerast, slik at det norske folk er herre i eige hus. Ein må ikkje laga til noko ny tilskotsordning som vil kosta skjorta med byråkratisk styring og forskjellsbehandling som endar opp med advokatmat og endå større forskjellar mellom folk. No hastar det å ta grep, og det må ikkje nyttast tid på å diskutera kven sin feil. Nei, tverrpolitisk handling i Stortinget. Det gjeld landet si framtid og eksistens, også inn mot det grøne skiftet. Forutsigbare- og framtidsavtalar der me sikrar straumprisar som me kan leva og eksistera med. Kvifor skal ikkje me sikra oss. Me skal vel ikkje gi dette fortrinnet frå oss. Eg kjenner ikkje til noko land i Europa som har stelt seg slik. Frankrike og Sverige sikra seg sjølv, men me skal vera den snillaste i klassen. Det går ikkje lenger. No krev me handling som gir stabile forutsigbare prisar for alle i landet. Ser ikkje behov for EU-medlemskap, men me må ha sterke handelsavtalar som står seg.

Øyvind Hardeland, Ap