Straumen

Eg har som dei fleste latt meg provosera av dei høge strømprisane denne hausten. Det er egentleg utruleg at me finn oss i dette, då ein veit at det er du og eg som eig krafta og linjene her til lands. Korleis kan det då ha seg at kraftbransjen, som skal forvalta dette for oss opptrer som dei verste kapitalistane. Det er kun pengemakta som rår. Korleis kan det ha seg at for kvar utanlandskabel som vert lagt ut og eksporten av straum aukar, så aukar også straumprisen i norge. Eg er ei enkel sjel frå Evjo, og eg slit med å forstå at når eg sel ei strømmen min så vil eg ha gevinst og ikkje auka utgifter. Og så til forklaringa om dei høge straumprisane i sør norge. Jo det var lite snø sist vinter og lite regn i sommar, derfor aukar prisen hevdar kraftbransjen. Dersom det er slik så burde ein ikkje då for lengst ha stoppa eksporten og fullt opp bassenga? Men nei, det vert fortsatt eksportert i dag! På spørsmål om det er for lite strøm her i landet er svaret ein får nei. Strøm er det nordanfor, men ikkje linjer til å få den sørover. Så kva går nettleige til som me har betalt inn i åravis. Skulle ikkje den gå til utbetring og utbygging av linjer i landet vårt. Det var i alle fall ikkje tanken at nettleiga skulle gå til nordjsøkablar. Eit døme på dette er den nye Englandskabelen, som kosta 17 mrd. kr. Ny kabel Aurland-Sogndal, som det er mykje snakk om var kostnadsrekna i 2017-18 til 900 mill. kr. Den vart på den tid satt på hold fordi den ikkje ville væra lønsam!

Les også
Regjeringa foreslår 900 millionar kroner ekstra til kommunane

Og toskeskapen stoppar ikkje der. Du har antageleg har takka ja til ny strømmålar i heimen din. Denne gir nettselskap mulighet til å lese av forbruket ditt minutt for minutt. Fra nyttår vert måten å rekne nettleige på endra dramatisk. Fastleddet vert bytta ut med ei effektavgift, som vert rekna ut basert på den timen i løpet av ein månad du brukar mest strøm. Jo meir strøm du brukar i løpet av ein time, jo meir må du betala i nettleige. I tillegg vert det ein pris per kWh på det du har brukt. Prisen her vil væra høgare på dag enn på natt. Det er eit tredvetals nettselskap i landet og det er ikkje gitt at alle brukar same prismodell slik at dette kan variera. BKK ser ut til å laga ei ordning der effektavgifta er satt i trappetrinn på 5 kWh. Så har du eit forbruk på meir 5 kWh i løpet av ein time i løpet av ein månad, så vil effektavgifta auke med 80%. Dette gir gode mulighetar til å spare strøm hevdar nettselskapa, det er berre å laste ned appar og kjøpe seg fattig på «smarte løysingar» i heimen. Slik at du kan sitja med mobilen å slå av og på dei einskilde straumkjeldene, alt etter som strømprisen varierar. Tippar dette vert gjort…

Les også
Blir kontakta av stordabuar som er bekymra for straumprisane

Kan ta med litt info kring den nye målaren. Det er totalt skifta ut ca. 3 millionar målarar i norge. Dette til ein pris av ca 10 mrd. kr. Driftskostader er ikkje medrekna. (Kor mykje linjeutbetring kunne ein gjort for denne summen?) Den nye målare er pr. deinisjon ikkje lovleg i bruk utan at du har gitt samtykke, Dette fordi den vert brukt av nettselskapa til å samle inn og analysera brukaradferd med tanke på elektrisitet, Dermed skjer det ei overvaking av adferd, som ikkje er tillatt utan samtykke. Norge er det einaste landet i Europa som har installert AMS med tvang. Og dei lærde er fortsatt uenige om kor vidt strålinga kan væra skadeleg.

Igjen, at våre folkevalgte tillet at kraftbransjen får herje fritt, slik den gjer, er uforståeleg.

Dag H. Gravdal

Les også
Fleirtal på Stortinget for krisetiltak mot høge straumprisar