Me må ha ein skule som primært fokuserer på eleven si læring og helse, framfor å vurdere, skriv Bjørn-Sigurd Sælevik. Foto: Herborg Sørli

Stryk eksamen, ikkje eleven

Eksamen er stressande, tilfeldig, målar uviktige faktorar, og er ein dårleg førebuing til arbeidslivet. Det er på tide å innføre ei betre løysing.

Min store frykt då eg begynte på vidaregåande var å komme opp i mitt svake fag. Dette påverka min prestasjon og velvære gjennom min allereie stressande kvardag. Øving, viktige prøvar, skriveøkter, Innleveringar, for å ikkje snakke om det sosiale.

Ein slik situasjon er ikkje unik. Som elev vil du mest sannsynleg kjenne deg igjen. Du går gjennom eit heilt skuleår og venter på «den store dagen», som du ikkje ein gong veit kva skal handle om. Eksamenen lurar seg rundt hjørnet. Ein uvand situasjon som kan avgjere om du er «god nok».

Ei betre løysing er ein vurderingssituasjon som skjer gjennom heile året, som for eksempel mappevurdering. Ein mappevurdering er ein oppsamling av eleven sitt arbeid over tid, og vil vere ein betre representasjon av kompetansen til eleven.

Slik vil vurderingssituasjonen oppfattast som kvardagsleg, og eleven blir kjent og trygg på ordninga. Ein slepp å bruke året på å grue seg over eksamen. Når stresset er mindre, vil ein kunne fokusere betre og auke sjansen for betre prestasjon.

Kva seier eigentleg ein eksamenskarakter om eleven? Karakteren fortel sjølvsagt mykje om sluttkompetansen til eleven. Dessverre er det også mange andre uviktige faktorar som blir målt. Blant anna kor godt du sov natta før, kor stressa du er eller om du har ei dårleg veke. Ein slik karakter burde ikkje vege så mykje som den gjer i dag.

Les også
På denne skulen er det dårlege mattekunnskapar. Likevel har dei mykje godt å skriva heim om

Ein mappevurdering vil kunne gjevne ut slike faktorar. Du vil ha dårlege og gode periodar som balanserer seg ut. I tillegg vil mappevurdering ha ein mindre negativ effekt på karakteren. Ifølgje Utdanningsdirektoratet får nesten halvparten av elevane lågare karakter på skriftleg eksamen enn i standpunkt, og berre 14 prosent går opp. Dette viser til at karakterane vart betre når vurderingane skjer over tid.

Skriftleg eksamen er ein svært monoton vurderingsform, som forbereder elevane på berre éin type situasjon. Arbeidslivet byr på mykje meir enn å forberede seg til eit individuelt skriveprosjekt. Det er eit mangfald av kvalitetar som kan vere nyttig. Løysningsorientert, kreativ, samarbeidsvillig, vennleg, uthalden, nøyaktig, energisk og mykje meir.

Mappevurdering opnar for alternative måtar å gjennomføre vurderingssituasjonar på. Ein slik variasjon kan gje elevar sjansar til å vise kompetanse gjennom andre metodar enn å skrive.

Eksamen er stressande, tilfeldig, målar uviktige faktorar, og er ein dårleg førebuing til arbeidslivet. Ein vurderingsform som mappevurdering vil løyse mykje av dette. Me må ha ein skule som primært fokuserer på eleven sin læring og helse, framfor å vurdere. La oss bygga skular som er skapt for å skapa eit mangfald. Stryk eksamen, ikkje eleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørn-Sigurd Sælevik Fjose, styremedlem og SoMe-ansvarlig i Stord SU