Studentvennlege prisar, samferdsle og kommunikasjon

For å styrka samhald og kommunikasjon mellom studentar i Bergen og kommunane rundt, er det heilt naudsynt at å reisa heim ikkje går ut over om ein har råd til salt i grauten fram til neste utbetaling frå Lånekassen. Slik situasjonen er i dag er dette diverre tilfelle for mange studentar. Alle må ha like moglegheiter til å kunna ta utdanning eller få påfyll av kompetanse uavhengig av kor ein bur i fylket.

For ein student over 21 år kostar det om lag 500 kr å reisa tur-retur Bergen-Kvinnherad med hurtigbåt. Personar i nokre delar av kommunen kan komma frå det heile med buss for 240 kr tur-retur, men dette gjeld på langt nær alle. For studentar som allereie har relativ låg kjøpekraft, vil det å reisa heim føra til eit merkbart innhogg i studentøkonomien.

Samferdsle er eit vesentleg punkt når det kjem til å gjera distrikta attraktive. Ei dyr heimreise fører gjerne til at ein vegrar seg for å reisa heim så ofte som ein ynskjer. Dette fører til at ein etter kvart mistar mykje av nettverket sitt i heimkommunen og at «navlestrengen» vert kutta utan at det eigentleg treng å vera slik. Vi trur at lågare billettprisar kan vera med å bidra til at fleire flyttar tilbake til heimkommunen sin etter fullførte studium, og i så måte bremsa folketalsnedgangen i distriktskommunar.

Ikkje minst vil billigare billettprisar vera positivt for helsesektoren og næringslivet i distrikta. Mange utflytta studentar reiser heim for å jobba på til dømes sjukeheimane og Hydro i helgane fram til dei er 21 år. Etter fylte 21 år går i stor grad vinninga opp i spinninga og det vil ikkje lengre vere økonomisk lønsamt å reise heim for å jobba deltid.

I dag har Skyss ungdomsbillett som ein kan nytta frå ein er 16 år og til ein fyller 21 år. Denne kostar 370 kr i månaden, og for den prisen «kan du reise så mykje du vil i heile Vestland fylke» uansett reiseform. Studentar som fell utanfor ungdomsbillettordninga endar opp med å betala over det dobbelte for ei mindreverdig løysing: ca. 500 kr for éi heimreise med båt + 440 kr for månadskort i sone A. Ei mogleg løysning på problemet som er illustrert er å harmonisera takstane ytterlegare mellom buss og hurtigbåt for studentar, samt at ein skal ha rett til studentbillett uavhengig av alder. Budsjettprosessane som kjem kvart år like før jul er viktige arenaer for å jobbaa for god samferdselspolitikk. Vi vil kjempa for at både ungdomar og studentar kan ferdast saumlaust rundt om i heile fylket utan å måtte betala dyre dommar.

Fylkeskommunen må leggja til rette for dette og det bør vere ei sak med høg prioritet for politikarane våre. Det er god studentpolitikk, men også utruleg viktig for distriktsutviklinga i alle kommunane våre som sårt treng at unge ynskjer å busetja seg. Dette vil vi i Høgre kjempa for!

Kristoffer Tufta og Synne Helleland

Kvinnherad Høgre