VIKARAR: Leiar i Utdanningsforbundet Stord, Tor Jæger Koppang (til v.) og hovudtillitsvalt Jonatan Gniste har saman med nestleiar Anne Margrethe Madtsen signert lesarbrevet der ein tek til ordet for å utvida vikarpoolen. ARKIVFOTO: INGVILD SIGLEN BERGER

Styrk den kommunale vikarpoolen!

Skular og barnehagar har vore og er framleis i ei krevjande tid. Nedstenginga av skular og barnehagar synte oss viktigheten av kva eit godt skule- og barnehagetilbod betyr, og kor viktig profesjonelle, trygge og gode lærarar er. Nedstenginga var naudsynt, men ingen ønsker seg tilstander der det igjen vert slik.

Situasjonen i dag er likevel tøff, og lærarar som på få dagar snudde seg om og laga heimeskule med tett oppfølging av elevane, kjenner godt på kroppen at det no røyner på.

For å unngå ny smitteoppbløming, må me alle opptre ansvarleg. Det inneber mellom anna at alle som er sjuke skal halde seg heime. Terskelen for å vera heime er og lågare enn til vanleg, mellom anna fordi ein sjølv med lette symptom skal vera heime frå jobb. Slik sett er skular og barnehagar utruleg sårbare. Ein har ikkje nokon «innbytarbenk» eller reservekorps å hente frå. Bemanninga er på eit minimum. Og når mange kollegaer vert borte, vert det ekstra krevjande for dei som er att.

Eit av få tiltak me har å nytte oss av, er den kommunale vikarpoolen. Denne er viktig, i år viktigare enn nokosinne. Vikarpoolen; som framsynte politikarar i Stord kommune for to år sidan vedtok å utvide, har diverre og vore foreslått avvikla.

Utdanningsforbundet Stord vil på det sterkaste åtvara mot at det kjem framlegg om avvikling av vikarpoolen i budsjettet for 2021. Den trengst meir enn nokon gong. Skal me klare å driva god skule i ei tøff koronatid er me avhengig av den.

Opplæringslova set strenge krav til læraren sin kompetanse både for tilsetjing og undervisning. Dette er avgjerande for eleven si opplæring. Likevel viser det seg at bruken av ukvalifiserte vikarar er utbreidd. Det ynskjer ein no å skjerpa inn. Det vert i desse dagar jobba med ny opplæringslov. Opplæringslovutvalet foreslår at det skal inn i lova at alle kommunar/skular skal ha ei forsvarleg vikarordning og tilgang til nok kvalifiserte lærarar til å dekka vanleg fråvær. Dette for å sikra at elevane får ein kvalifisert vikar ved sjukefråver hos lærarane. Eit av forslaga utvalet peikar på er kommunal vikarpool, lik den me alt har i Stord kommune. Det er ei fjør i hatten.

Vårt forslag er at vikarpoolen vert utvida og vidareutvikla. Me set oss gjerne ned saman med administrasjon og politikarar for å koma fram til ei løysing som styrker vikarpoolen, og som sikrar kvalifiserte lærarar for elevane våre i den tøffe tida me står i.

Utdanningsforbundet Stord

Tor Jæger Koppang, leiar

Anne Margrethe Madtsen, nestleiar

Artikkelen held fram under annonsen.

Jonatan Gniste, hovudtillitsvald