Styrk elevressursen!

I lesarinnlegget frå klubben ved Langeland skule, problematiserte dei det svært kontroversielle forslaget til skulebudsjettet. Det at elevressursen er foreslått kutta kraftig for alle skular med meir enn 200 elevar. Til større skulen er, til større vert kuttet. Våre to største barneskular ligg sentrumsnært, og Leirvik og Langeland skule vil aleine få eit kutt på godt over ein million kroner.

Det er ikkje bra!

Budsjettkamp: Utdanningsforbundet ved Leirvik skule åtvarar politikarane mot å kutta meir i elevressursane. Biletet er frå innflyttinga ved nye Stord ungdomsskule i januar 2018. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vi kan godt repetere formannsskapets forslag, utan at repetisjonen gjer at det høyrast betre ut:

• Elevressursen er for 2020 foreslått redusert med 2,12 mill.

• kr. 6 686 per elev opp til og med 200 elevar

• kr. 4 000 per elev frå 201 og oppover

Elevressursen dekkjer spesialundervisning, delingstimar, materiell og utstyr, leiing/administrasjon, vikar ved sjukdom og anna fråvær, utflukter og anna.

Det er ingenting å spara på å driva store skular med store klassar. Vi vil tvert om hevde at utfordringane her kan bli større. Sentrumskulane er og dei skulane som har flest framandspråklege elevar og størst utfordringar i høve til å få til god integrering. Dette er ei viktig oppgåve som vil kosta oss dyrt om me ikkje tek den på alvor. Mange andre kommunar prioriterer ofte motsett. Kva er det som er annleis med Stord? Har ikkje vi dei same utfordringane som andre kommunar med ein bykjerne av ein viss storleik har?

Så vidt vi veit, har kuttet i elevressursen ikkje vore drøfta på noko nivå. For oss tilsette ved Leirvik skule kjem dette heilt overraskande, og me har ikkje hatt høve til å koma med vårt syn på ein slik endring av skulebudsjettet. Denne framgangsmåten likar vi ikkje!

Les også
Ikkje rør elevressursen!

Det er ingen stordriftsfordelar med å driva skule. Kostnaden per barn vert ikkje mindre dersom ein er fleire. Elevar som strevar og treng støtte må få like god støtte på store skular som på mindre skular. Nokon anna vil vera heilt feil.

Vi meiner at budsjettet som skulane i dag har å driva god skule for, allereie er urealistisk lågt. Skulane tåler ikkje meir kutt i elevressursen. Klubben ved Leirvik skule oppmodar kommunestyret på det sterkaste om å styrka elevressursen. Eit kutt på over to millionar, der dei største skulane må stå for mesteparten av kuttet, er både feil og uakseptabelt. Om kutt vert innført, støttar vi kollegaene på Langeland skule i tanken om at formannsskapet kuttar flatt, slik at det blir likt for alle skulane i kommunen. Skal dei økonomiske premissene for ein god skule vere dårligare, er det rett og rimeleg at det vert like dårleg for alle skulane i Stord kommune.

Vi bit oss forresten merke i at befolkningkurva går nedover på Stord. Vil ikkje det å satse på skule og oppvekst vere ein viktig faktor for å snu utviklinga?

Utdanningsforbundet ved Leirvik skule,

Lars Ivar Sundfør