Aksjon: Biletet er frå ein av dei mange aksjonane som aksjonsgruppa «Nei til vindkraft i Kvinnherad» hadde i 2021. Frå venstre er Anders Morielle, Rolf Lothe, Roald Løvberg, Steinar Teigen, Eva Hasby, Annemor Ekeland, Astrid Døssland, Møyfrid Kristoffersen og Jostein Rødtbø. Foto: Privat

Sunnhordland Kraftlag?

I lokalavisene Kvinnheringen 10. desember og i Grenda 9. desember -21 kunne me til vår store undring lesa lesarinnlegg der administrerande direktør i Sunnhordland Kraftlag (SKL) John Martin Mjånes meiner det er på tide å bygga vindkraft på land. Dette står i sterk kontrast til det både han, og styreleiar i SKL Olav Linga har informert oss om tidlegare.

Det neste som får oss til å vera på vakt, og i full beredskap er; Kvifor skrive han dette i lokalavisene våre? Er det fordi SKL no vil endra seg frå å vera kvinnheringane sin beste ven, til å bli sjølvaste fienden?

Me vil tru dei fleste kjenner historia til SKL frå 1946, og til dags dato. Om ikkje er det råd å lesa seg opp på heimesida. Leiinga i SKL bør i alle fall kjenna til den. Kort fortalt så hadde det ikkje vore noko Sunnhordland Kraftlag om det ikkje var for fjella i Kvinnherad, med alle sine «Blåfalli» med romertal. Det er ikkje småpengar som er teken ut frå vassdraga våre i alle desse åra og GWh. For Kvinnherad har dette vore gode arbeidsplassar i anleggstida, sjølv om administrasjonen blei lagt til Stord. Andre goder er turområde som er blitt gjort tilgjengelig for allmenta gjennom vasskraftutbygginga, og eigedomsskatt. SKL og Kvinnherad har på mange måtar vore ein «symbiose» ved å gjensidig å ha nytte av kvarandre. Ser me no slutten på dette, yppar leiinga i SKL til strid i fjella våre, mot politikarane våre og mot alt folket? Har ein verkeleg planar om å bygge ut vindkraft i dei vakre fjella våre – i tillegg til alle dei andre naturinngrepa SKL står bak?

Til tider er det langt mellom Kvinnherad og Stord-Haugesund, men ikkje så langt at leiinga ikkje kan ha fått med seg at den 29.08.2019 stemte eit samla kommunestyre i Kvinnherad for ein sterk høyringsuttale til; «Nasjonal rammeplan for vindkraft på land» populært kalla «Samla plan» Uttalen vart utarbeidd av representantar frå samtlege parti. Heilt til slutt i uttalen står det, sitat; «Eit samla kommunestyre meinar konfliktgrada og dei negative konsekvensane er så store at det er heilt uaktuelt med etablering av vindkraft i nokon av dei føreslåtte områda i kommunen. På bakgrunn av dette ber kommunestyret Olje – og energidepartementet om å ta Kvinnherad ut av rammeplanen» Sitat slutt.

I tillegg var det, og er det - eit stort engasjement blant kvinnheringane. Kvinnherad Turlag arrangerte folkemøte og Aksjonsgruppa til «Nei til vindkraft i Kvinnherad» vart etablert omgåande.

Folk vart bedne om å sende inn «Høyringssvar» til Samla plan. Det vart sagt av dei 5000 svara som kom inn til departementet innan 1. oktober 2019, var heile 2000 svar frå Kvinnherad. Alt frå Baroniet Rosendal til hjortejegerar i Åkra sende inn høyringssvar. FB-gruppa vår har for tida 5300 medlemmer, og er aukande. Det seier noko om den store motstanden mot utbygging av vindkraft i kommunen vår. Me har difor eit sterkt behov for eit klart svar frå leiinga i Sunnhordland Kraftlag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det planar om, og er det vedteke at SKL vil eller skal bygge ut vindkraft i Kvinnheradsfjella?

Aksjonsgruppa i «Nei til vindkraft i Kvinnherad»

v/talskvinne Annemor Ekeland