Budsjettkameratar: Ordførar Gaute Straume Epland (f.v.), varaordførar Jakob Bjelland og Frp-politikar Sigbjørn Framnes hadde, saman med KrF og Høgre, avgjort Stord-budsjettet lenge før kommunestyremøtet starta. Sunnhordland-redaktør kjem her med svar på tiltale til Hilde Hildal Hauglid (SV). Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sunnhordland og budsjettet i Stord kommune

I onsdagsavisa kjem Hilde Hildal Hauglid (SV) med kritikk over måten Sunnhordland dekte budsjettmøtet i kommunestyret på sist torsdag. Ho var blant anna skuffa over at lokalavisa ikkje var til stades på møtet, og refererte kva som vart sagt.

Til informasjon så hadde fleirtalspartia Ap, Sp og KrF denne gongen gått saman med dei to store opposisjonspartia, Høgre og Frp, for å finna ei felles løysing på budsjettet i Stord. Resultatet vart presentert på ein pressekonferanse tidlegare same dagen.

I tillegg hadde småpartia Venstre, SV og Raudt laga sine eigne budsjettforslag, som vart sende til media dagen før, og same dagen som kommunestyremøtet fann stad. Desse framlegga vart presenterte på sunnhordland.no same dagen.

Les også
SV sitt budsjettforslag

Denne gongen har budsjettdiskusjonane foregått i det lukka rom, av politikarar med eit stort fleirtal (30 av totalt 35 representantar). Når dei kallar pressa inn for å presentera sitt budsjett på formiddagen same dagen, er det politikarane som løftar den politiske diskusjonen ut av kommunestyresalen, og ikkje pressa. Dette vert forsterka ved at dei andre partia sender sine budsjettforslag på e-post på førehand.

Mange av innlegga på kommunestyremøtet hadde same ordlyden som det som vart informert tidlegare same dagen. Grunna deadline var det viktigare for Sunnhordland å få ut alle sakene i papiravisa fredagen, enn å sitja i eit møte der alt var bestemt på førehand.

Til Hauglid sin informasjon, så vert alle kommunestyremøte i Stord overført direkte på kommunen sine nettsider.

At me ikkje fysisk er til stades på eit kommunestyremøte, betyr ikkje at me ikkje lyttar på debatten.

For meg verkar det som Hauglid er snurt over ikkje å ha fått nok merksemd om SV sitt budsjett. Sunnhordland si viktigaste oppgåve er ikkje å referera kva alle politikarane seier på talarstolen, men å formidla til våre lesarar kva vedtak som blir gjort, og kva følgjer budsjettvedtaket får for Stord sine innbyggjarar.

Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Sunnhordland