Sunnhordlandsaksjonen for misjon 2020 vert mellom anna markert i Fitjar kyrkje (biletet) søndag. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Sunnhordlandsaksjonen for misjon 2020

Sunnhordlandsaksjonen for misjon 2020 er i rute og startar opp 12. januar og har siste møtet 15. mars. Det vert 24 møte i bedehus og nokre kyrkjer. For det meste er det lokale krefter som er både talarar og møteleiarar. Slik tek frivillige medarbeidarar eit flott ansvar når det minkar med løna arbeidarar i misjonen.

Sunnhordlandsaksjonen opplevest som eit fint prosjekt: Vi får samlast om Guds ord, vi får god informasjon frå misjonsoppgåver som vekslar frå år til år og vi får høve til å gje til misjonen i ei tid der det kjem inn mindre pengar i starten av eit nytt år.

Gjennom denne aksjonen får vi høve til å gje til eit konkret prosjekt. I år er det «Misjonsarbeid i Japan» som vi skal få støtta.

NMS starta arbeid i Japan i 1951 etter at misjonærane i Kina måtte flykta på grunn av motstanden frå kommunistane. Japan er ei krevjande misjonsmark i eit sekulært folk som byggjer mykje av tilværet sitt på økonomi og teknikk. Samtidig står buddhismen og shintoreligionen framleis sterkt. Shintotrua står sterkast mellom unge og familiar medan buddhismen mest mellom dei eldre med si tru på sjelevandringa. 95 % er shintoistar og 72% buddhistar. Når prosenten vert over 100 så er det fordi mange dyrkar båe relgionane.

NMS ynskte tidleg å få til ei sjølvstendig kyrkje i Japan. I 1961 vart Kinki-kyrkja eige kyrkjesamfunn. Og frå 80-talet vart denne kyrkja ei sjølvstendig kyrkje. Kyrkjelydane til NMS, NLM og Frikyrkja er med her i lag med andre etablerte kyrkjer.

Kinki-kyrkja har i dag 28 kyrkjelydar og 2733 medlemmer der mange er eldre. Utfordringa er å få med unge. For tida arbeider 20 prestar der 8 er pensjonistar. NMS støttar Kobe lutherske teologiske seminar som utdannar nye prestar. Arbeidet i Japan vert omtala som «stangfiske». Det er ein og ein som kjem til tru.

Kva gjer NMS i Japan? Det kan samlast i tre område: a) Dela trua på Jesus. b) Bekjempar urettferda. c) Utryddar fattigdom. Konkret kjem dette til uttrykk ved arbeid mellom studentar, leirarbeid for born og unge, diakonalt arbeid, fokus på miljø og alternative energikjelder og byggjande kyrkjelydsarbeid der gudstenesta er sentral som utgangspunkt for evangeliserande arbeid. Kinki-kyrkja ynskjer å vera utadvendt.

Mange har framleis eit hjarta for misjon og hjelp til forkomne og trengjande. No har vi sjansen til å gjera noko med det. Målet er å samla inn kr. 100.000,- til prosjektet i år. Aksjonsmøta vil verta kunngjorde i lokalavisene og ved oppslag. Dei som ikkje har høve til å koma på møta, kan senda gåva til Det Norske Misjonsselskap, Postboks 226 Sentrum, 4001 Stavanger. Bankgiro 8220 02 85057 og merkt med «Misjonsarbeid i Japan».

Gunnvald Bjotveit

leiar i områdeutvalet