SPØRSMÅL: Kjell Bjørn Minde hadde spørsmål til SV i valdebatten på Stord sist måndag. Her Terje Kollbotn (Raudt) og Anna Sofie Ekeland Valvatne (SV). Foto: Henrik Mundal Andreassen

SV og retten til sjølvbestemt abort

Spørsmålet om abort er eitt av dei vanskelegaste og vondaste spørsmåla å diskutera i samfunnsdebatten i dag, og debatten krev både respekt og skjønnsemd frå begge partar i denne.

Underteikna var på debattmøtet i kulturhuset måndag den 6. september. Temaet abort kom ikkje opp i ordskiftet, men underteikna ønskte likevel å stilla SV sin representant i panelet nokre spørsmål om dette, mest om forståinga av ordlyden på punktet abort i SV sitt program. Det vart det diverre ikkje tid til. Bakgrunnen for spørsmåla er at programteksten på nokre punkt etter mi meining står fram som uferdig og at alle partar er tent med utvetydige tekstar på eit så spenningsfylt område som abort.

Eg har tre spørsmål til SV:

1. Kva vil vera hovudskilnadane mellom den no gjeldande abortlova og den lova som vil gjelda om SV får det som det vil?

2. Kva rettar meiner SV at faren til barnet skal ha i spørsmålet om abort?

3. Kva for reservasjonsrett meiner SV at sjukepleiarar, jordmødrer og fødselslegar skal ha i samband med gjennomføring av abort?

Kjell Bjørn Minde