UEINIG: «Kvifor ikkje då la den medisinske ekspertise få bestemma?» spør Per Jan Ingebrigtsen i lesarbrevet. Arkivfoto: Marius Knutsen

SV på ville abort-vegar

Då SV på landsmøtet sitt vedtok sjølvbestemt abort fram til veke 22, var dei, etter mi meining, ute og køyrde på ville vegar. Med ungdomsorganisasjonen sin bak rattet og hovudpartiet sitjande med hendene føre augo i baksetet, var det berre å vona på at ungdommen ikkje ville køyra doningen i grøfta … Men det gjorde dei, med så alvorlege rundkast som resultat, at eg er redd for at det kan få konsekvensar for partiet ved det kommande stortingsvalet.

I veke 22 veg fosteret mellom 400 og 500 gram, og er langt på veg eit utvikla barn. Då handlar det ikkje berre om at kvinna skal få bestemma over eigen kropp – men i praksis om ho skal få bestemma over ein kropp til.

Medan SV sin nestleiar, Kristi Bergstø, synte seg fram som ein framifrå kandidat til kommande ro-meisterskap i OL, då ho forsøkte seg med at denne grensa var meint når det av medisinske grunnar var fare for mor\barn, jubla SU-leiaren over abortsigeren i partiet.

Lat oss ta utgangspunkt i Bergstø sine argument om at abort i veke 22 først og fremst er meint når det føreligg medisinske grunnar: Kvifor ikkje då la den medisinske ekspertise få bestemma? Dei som har profesjonell kompetanse og kan ta dei rette vala? Ville ikkje det også vore ei lette for kvinner flest som kjem i ein slik situasjon?

Me må ikkje la nokre aktivistar få sminka denne saka opp til å vera ei kvinnesak – ein del av ein kamp for kvinna sine rettar, for det er så langt i frå tilfelle. Men ei sak om menneskeverd, det er det.

Per Jan Ingebrigtsen