UTANFOR ALLIANSEN: SV og Hilde Hildal Hauglid stod utanfor den breie politiske alliansen om årets budsjett. I lesarbrevet skriv ho om kvifor. Foto: Ingvild Siglen Berger

SV sitt budsjettforslag

Eg er skuffa over måten lokalpressa dekkjer budsjettmøtet i kommunestyret på. Dette er nok det aller viktigaste politiske møtet i året. Det er i dette møtet det vert avgjort kva kommunen skal bruka innbyggjarane sine pengar på, og minst like viktig; kva ein vel å ikkje bruka pengar på. De kunne vel blitt verande og høyrt debatten? Slik det ser ut i Bladet Sunnhordland sin artikkel i fredagsavisa, kan det verka som om den såkalla storkoalisjonen sitt budsjett gjekk gjennom utan vidare protestar. Det kan sjå ut som om det me meiner er usosiale og urettvise kutt vart vedtekne utan at nokon tok til motmæle. Om ein ikkje i utgangspunktet er innsmurd med godvilje, kan det sjå ut som at kutta innan til dømes habilitering, rus og oppvekst gjekk gjennom sånn nesten utan vidare. Slik var det jo ikkje.

Det er mykje eg er usikker på her i verda, men eg er heilt sikker på at alle dei som var til stades i kommunestyret torsdag 28.11., var der fordi dei vil det beste for lokalsamfunnet og fordi dei er glade i Stord og dei som bur her. Likevel har me ulike syn på korleis me best skal styra kommunen. Det kjem tydeleg fram i budsjettdebatten.

Les også
Dette vil opposisjonen redda

Me er, som me alle veit, i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Noko er ikkje heilt som det skal vera når Staten er steinrik og kommunane blir fattigare og fattigare. Me er ikkje åleine om å vera i ein vanskeleg økonomisk situasjon, men eg har forstått det slik at me kjem dårleg ut av det på fleire måtar. Eg vil jo gjerne nytta høvet til å oppmoda dei som har direkte line rett inn til Regjeringa til å senda dei ei melding: send meir pengar.

Det er ikkje med ei god kjensle me presenterte SV sitt budsjettforslag. Me har heller ikkje funne pengar til alt me treng og ønsker oss. Smertefulle kutt me kjem til å merka er uunngåelege. Likevel meiner me at me har lukkast i å laga eit budsjett som opprettheld nokre av dei viktigaste tenestene, samstundes som det er økonomisk ansvarleg.

I debatten i møtet og i forkant av det, har det vore mykje snakk om svake grupper og menneske. Nokre er gjerne meir sårbare for kutt og har trong for fleire offentlege tenester enn andre, men kall dei ikkje svake. Om ein gjer det, skal det i alle høve tydeleggjerast at nokre vert svake fordi andre svekkjer dei. Det gjer ein med å ta bort dei tenestene ein treng for å kunna delta.

Eg vil gjerne få trekka fram nokre av dei viktigaste punkta og forklara dei:

Fattigdom og utanforskap er urettferdig og det er vondt. Me har ungar i vår kommune som veks opp med dette. Ein ting er at det er trist for dei som lever i det. Ein anna ting er at det skapar eit samfunn ingen av oss kan akseptera og leva med. Me meiner at barnetrygda ikkje skal reknast med som inntekt dersom du treng økonomisk sosialhjelp. For dei det gjeld betyr det mykje. Eg hadde faktisk rekna med, at dei som for nokre månadar gjekk inn i regjering og sidan jubla over at dei fekk auka barnetrygda, ikkje ville tola at dei som treng den auken mest av alle, er dei som ikkje får nyta godt av det.

Les også
Dette er budsjettforliket i Stord

Me er etter det eg har skjønna, inne på den tvilsame topp 10-lista over landets dyraste SFOar. Det er djupt urettvist og usosialt at dei som ikkje kan betala, må gå heim til tomme hus når skulen sluttar, medan klassekameratane deira får vera att saman med trygge vaksne. Berre 37 % av ungane i målgruppa bruker SFO. Eg trur det kan ha noko med prisen å gjera. 30 tusen for eitt barn, 60 tusen for to, og 90 tusen for tre barn for eitt år med SFO. Eg vil minna om at det det kostar for ein SFO-plass i månaden, er om lag det same som ein i snitt betaler i eigedomsskatt i året. Det er for dyrt og det er ikkje rettferdig.

Maris må oppretthaldast på dagens nivå. Me meiner at innsparinga med å kutta i desse tenestene, vil gje oss andre kostnader som gjer at det rett og slett ikkje er verd det. Fleire titals menneske er avhengige av Maris sine tenester kvar dag. Desse menneska forsvinn ikkje. Maris og Kirkens Bymisjon gjer ein uvurderleg innsats for at dei som tek imot tenestene har tryggare og meir verdige liv. I tillegg er dei med på å gjera lokalsamfunnet vårt tryggare for alle.

Me meiner me ikkje kan leggja ned Sagvåg barnehage avdeling Nysæter. Det vil vera med å erodera vekk grunnlaget for det offentlege barnehagetilbodet i kommunen. Stord SV meiner det er viktig å ha gode offentlege tilbod i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så vil me så absolutt ikkje kutta i elevressursen. Dette er dei pengane ein har å driva skule for. Me ligg allereie nært grensa for det som er forsvarleg. Forslaget om differensiering er basert på ei misforståing om stordriftsfordelar. Dette er godt tydeleggjort og nøye forklart av dei som jobbar ved sentrumsskulane. Lærarnorma gjer ikkje at ein kan forsvara å kutta i elevressursen.

Dette, i tillegg til store kutt innan habilitering og nokre verbalpunkt som etter vårt syn peikar i heilt feil retning, gjer at Stord Sosialistisk Venstreparti denne gongen ikkje kan vera med på å støtta den nye storkoalisjonen sitt budsjett. Samarbeid er bra, særskild i vanskelege tider, men dette kan me ikkje stå for.

Hilde Hildal Hauglid,

Stord SV