SVARAR: Å vera skråsikker høver dårleg i ei så komplisert sak, skriv Magne Misje i eit svar til Alexander Papas om AP og rusreforma. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Svar om rusreforma

Alexander Papas skriv sakleg og godt om framlegget til rusreform og om vonbrotet han kjende då Ap gjekk mot framlegget. Som Ap-medlem har eg sjeldan vore å usikker på kva standpunkt eg ville landa på som når det gjeld framlegget til rusreform. Nokre, ikkje Papas, prøver å få det til at kunnskap står mot kjensler og at moralisme er styrande for dei som er mot. Det meiner eg er feil.

Det er ulike syn i fagmiljøa, og det er ikkje moralisme som ligg til grunn nå mange meiner reaksjonsmåten må vera ulik for sjuke og tunge misbrukarar og den 28-år gamle festrøykjaren frå Bærum. Ingen, heller ikkje politiet, jagar lenger slitne narkomane, slik det vert framstilt i vulgærdebatten, ikkje minst frå leiaren i Unge Venstre.

Les også
Rusreforma – difor er eg skuffa

Ein av grunnane til at nokre seier nei til framlegget til rusreform, er truleg hardkøyret og den unyanserte argumentasjonen frå Venstre og insisteringa på at det er deira reform. Ikkje minst har leiaren i Unge Venstre gått heilt av skaftet i sine rabiate utfall mot dei som er mot reforma. Det høyrer med til forteljinga at KrF, regjeringspartnar med Venstre, vert tvinga til å røysta for reforma sjølv om dei er mot, samstundes som dei håpar opposisjonen på Stortinget får fleirtal til å røysta ned framlegget.

Eg meiner Papas tek feil når han skriv at det er umogeleg å forsvara og juridisk gjennomføra avkriminalisering berre for tunge misbrukarar. Han skriv vidare at forskjell i straffereaksjon basert på avhengigheit er ulovleg, grunnlovsstridig og menneskerettsstridig. Om det er slik, hadde sjølvsagt Ap og Sp aldri sett fram slikt framlegg. Frå juridisk hald er det ulike vurderingar av dette, og såleis ikkje så beint fram og sjølvsagt som Papas skriv.

Papas og andre bør ta inn over seg den bekymringa mange foreldre, politiet og deler av fagmiljøet har over at fleire ungdommar vil prøva ut narkotika om det vert avkriminalisert. Det er ikkje sikkert det vert slik, men Papas og andre kan heller ikkje vera sikre på at det ikkje vert slik. Å vera skråsikker høver dårleg i ei så komplisert sak.

Magne Misje