SVARAR: – SKL har ikkje nokon planar om å utgreia eller satsa på vindkraft på land – korkje i Kvinnherad eller andre stader i regionen vår, skriv John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL AS, i svar til aksjonsgruppa. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Svar til aksjonsgruppa i «Nei til vindkraft i Kvinnherad» ved talskvinne Annemor Ekeland

SKL meiner at me alle må gjera vårt til at me kan gå ei grønare framtid i møte. Skal me klara det må me ha tilgang til meir fornybar energi. Dette er SKL sitt fremste mål. Me er også opptekne av at ny produksjon skal vera så skånsom som råd i høve til den flotte naturen me alle har i lag.

Kvinnherad kommune har vore ein sentral aktør i å bidra til at me har så mykje rein og fornybar energi i regionen vår – og landet vårt.

Kvinnherad kommune og SKL har som nemnt i svaret frå aksjonsgruppa ei lang og rik tid i lag. Heilt sidan starten av selskapet i 1946 har ressursane i Blådalsvassdraget vore «ryggrada» i produksjonen vår. Slik er det framleis. Samarbeidet har tent oss begge godt. Jamnlege og gode kontaktpunkt har sikra at SKL og Kvinnherad kommune samordnar sine ynskje og tankar til felles beste. Gode arbeidsplassar, sikker eigedomsskatt og konsesjonskraft er nokre stikkord som stadfestar dette. Utbygginga av rein energi frå Blådalsvassdraget har vore ein vesentleg faktor for utviklinga i regionen og vore svært viktig for SKL.

Les også
Sunnhordland Kraftlag?

I våre dagar er me like opptekne av å utvikla samarbeidet vidare. Kvinnherad kommune og SKL har konkrete planar om felles eigarskap til m.a. Onarheim kraftverk. Det treng ikkje stoppa der.

I det store biletet har styret i SKL vedteke å sikra selskapet ressursar til å sjå nærare på ei vidare utbygging i Blådalsvassdraget. Dette er eit arbeid me ser fram til starta opp. Å nytta allereie utbygde vassdrag til meir og betre nytte av energien er også etterlyst av sentrale styresmakter. Dette trur me vil tena både Kvinnherad kommune og SKL godt. Det er eit omfattande arbeid me tek til på.

Avslutningsvis vil me understreka at landet treng meir fornybar energi. Då vil også vindkraft ha sin plass. SKL er medeigar i eit selskap som ser på korleis me kan nytta vindressursane til havs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men SKL har ikkje nokon planar om å utgreia eller satsa på vindkraft på land – korkje i Kvinnherad eller andre stader i regionen vår.

Med venleg helsing

SKL AS

John Martin Mjånes

Administrerande direktør