AVVISER: Ut frå det som ligg føre av korrespondanse kan me ikkje sjå at kommunen har gjort seg skuldig i brot på forvaltningslova i denne saka, skriv rådmann Magnus Mjør i lesarbrevet. Dronebilete er teke tidlegare i år. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Svar til Arve Rønnekleiv

Arve Rønnekleiv meiner i Sunnhordland 18.12.20 at Stord kommune snur ryggen til eigne lovbrot og ikkje følgjer grunnleggjande prinsipp for forsvarleg sakshandsaming.

Konkret viser Rønnekleiv til at kommunen ikkje oppfyller kravet om søknadsplikt på den nye vegen til Grunnavågen. Til det er å seie at offentlege veganlegg som er avklart i reguleringsplan og vert bygde etter veglova ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova. Prosjektet i Grunnavågen er detaljert avklara i reguleringsplanen, naboar og andre interessentar var sikra medverknad gjennom planprosessen.

Les også
Løpet er køyrt for Marit (79)

Prosjektet i Grunnavågen og tiltaket på Nordre Tveita er såleis underlagt ulike bestemmelsar om søknadsplikt. Det er ikkje forskjellsbehandling men to ulike saker. Den omtala støttemuren er også søknadspliktig, og søknaden vil verta handsama når den kjem inn til kommunen.

PÅ SYNFARING: Her er politikarane på synfaring ved eigedomen (56/181) til Marit Rønnekleiv ved Sagvåg i Podlen. Arve Rønnekleiv står til høgre i biletet. I gul jakke står plansjef i kommunen, Lovise Vestbøstad. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Rønnekleiv seier vidare at det han fleire gonger har varsla kommunen om brot på reguleringsføresegnene, noko me tek på største alvor. Me ser at meldingane dessverre ikkje hadde kome fram til bygningsmyndet i kommunen, men Eining for regulering, byggesak og oppmåling vil med det første følgja opp saka.

Les også
Tyse i trøbbel: – Eg brukar ein større spade enn ein normal bonde

Rønnekleiv gjer i detalj greie for sin kontakt med kommunen frå 4. november og utetter. Ut frå det som ligg føre av korrespondanse kan me ikkje sjå at kommunen har gjort seg skuldig i brot på forvaltningslova i denne saka.

Stord, 22. desember 2020

Magnus Mjør,

rådmann