«Me legg til grunn at private selskap gjer normale risikovurderingar når dei inngår kontraktar», skriv medlemmer i utval for plan og utvikling i Stord kommune, som svar på debattinnlegget til Atle Wigum. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Svar til Atle Wigum

Atle Wigum sitt innlegg i Sunnhordland 26/06 er så omfattande at det er vanskeleg å vita kor ein skal starta.

Me kjem til å fatta oss kort.

Normalt etterlyser næringsdrivande enklare reguleringsprosessar. At det er her er nytta forenkla planprosess, burde takast godt imot derifrå.

Arealet det er snakk om, gjekk i realiteten ut av kommunal kontroll då eit einstemmig kommunestyre i 2019 gjekk inn for opsjonsavtalen med REN AS. Utløysing av opsjonen førte, i tillegg til salssummen, også til to millionar kroner i anleggsbidrag til den nye kaien, noko som må seiast å utvida NorSea sine moglegheiter til å driva si verksemd. For oss er det viktig å følgja avtalar me gjer, sjølv om det i seg sjølv ikkje er grunn til å endra reguleringsplan.

Utgreiinga administrasjonen har gjort i samband med lovlegkontrollen, er svært grundig. Den konkluderer med at vedtaket var lovleg. Utval for plan og utvikling vedtok med ni mot to stemmer å oppretthalda vedtaket og senda det til Statsforvaltaren i Vestland for lovlegkontroll.

NorSea Logistics sin klage vart vedtatt handsama og avslått, basert på den alternative innstillinga frå rådmannen. Her var vedtaket gjort med åtte mot to stemmer. Også her vil Statsforvaltaren vurdera avgjerda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dette er ikke en god sak for oss skattebetalere i Stord kommune

Me ser det som lite truleg at Statsforvaltaren endrar vedtaka, men om Statsforvaltaren likevel konkluderer med at reguleringsvedtaket er ulovleg, eller opphevar det som følgje av klagen, er me framleis der at REN AS kontrollerer arealet NorSea ynskjer å bruka. For NorSea er situasjonen då i hovudsak den same; dei kan ikkje bruka arealet.

Me legg til grunn at private selskap gjer normale risikovurderingar når dei inngår kontraktar. Dimed går me og ut ifrå at NorSea går i dialog med REN AS dersom det er maktpåliggande for NorSea at arealet REN AS kontrollerer ikkje blir bygd på. I så tilfelle må det vera opp til partane å koma fram til ein avtale som både gir REN AS det arealet dei treng, samt gir NorSea kontroll over det arealet dei i dag ikkje kontrollerer. Desse vurderingane er gjort i prosessen, men ein har ikkje funne areal som er betre eigna for REN AS enn det ein har avtalt. Kommunen vil sjølvsagt vera innstilt på å få til ei anna løysing om REN AS og NorSea kjem med eit samla ynskje om det.

Saksutgreiinga gir gode svar på problemstillingane i saka. Me tilrår alle med interesse for saka å lese dei.

Ingrid Jahn Jordåen, leiar Utval for plan og utvikling (PUT), Sp

Reinert Svanberg, nestleiar PUT, FrP

Edgar Damås, utvalsmedlem PUT, Ap

Artikkelen held fram under annonsen.

Britt Nelly Hystad Barane, gruppeleiar Ap

Torbjørn Brosvik, gruppeleiar KrF

Silje Vatna, gruppeleiar Sp

Sigbjørn Framnes, gruppeleiar Frp