DEBATT: Magne Misje. Foto: Kjetil Fyllingen

Svar til Reinert Svanberg

Svaret frå Svanberg gjer meg endå sikrare på at Morten Myksvoll, kommentator, tidlegare bystyrerepresentant for Frp, tidlegare Frp-rådgjevar og tidlegare nestleiar i FrpU i fire år, har rett når han skriv at politikarar på høgresida må setja seg skikkeleg inn i kor krevjande det er å halda seg i skinnet når skinnet ditt blir ei målskive. For oss i den kvite majoriteten, Svanberg og underteikna medrekna, er det vanskeleg å forstå korleis det er å bli hata. Det er umogeleg for oss å vita korleis det er når nokon vil kvitta seg med deg på grunn av religionen din eller hudfargen din. Myksvoll skriv vidare at dei fleste av oss hadde gått opp i liminga lenge før desse ungdommane, fordi vi ikkje er vane med å bli dehumaniserte.

Les også
Slik svarar Reinert Svanberg (Frp) på kritikken frå Magne Misje

Svanberg skriv at grunnen til at Sian ikkje er nemnd i interpellasjonen, er at han ikkje vil gje Sian meir merksemd enn naudsynt. Dersom du vil at Sian skal ignorerast, er truleg det minst kloke du gjer at du melder ein interpellasjon om ytringsfridom dagar etter Sian sine markeringar og provokasjonar i Bergen og i Oslo.

I kjølvatnet av Black Lives matter kom det mange forteljingar frå folk med annan bakgrunn enn Svanberg og meg. Dei fortalde om ein oppvekst med mobbing og rasisme i ulike former.

Les også
Ytringsfridom og Sian

Svaret frå Siv Jensen, Per-Willy Amundesen og Frp var bagatellisering og insistering på på at kvardagsrasisme og institusjonell rasisme er nærast ikkje-eksisterande i Noreg.

Magne Misje