HØGRE: Gerda Øen slår eit slag for høgre-gåing i svaret sitt til Sigmund Kroka. ARKIVFOTO: MARIUS KNUTSEN

Svar til Sigmund Kroka når det gjeld «rett side» på turveg

I meir enn 20 år har eg hatt ei dotter buande i Oslo, heilt oppi Nordmarka. Sjølvsagt har eg vert med å gå tur... «Hald høgre mamma» var beskjeden eg fekk, der var jo meir folk på turvegane enn eg var van med.

Me går mykje på ski, «hald høgre» står det v Stord Skistadion, og sjølvsagt held me høgre i løypene ved hytta vår på Vågslid. Alle lærte me å gå på venstre side og sykle på høgre side på traffikert veg då me var små. Kva gjer me på fortaua no til dags dersom der berre er fortau på eine sida av vegen? Me både går og syklar til høgre.

Me har gode turvegar på Stord. Me kan ta «rundturar» over alt på øya. På turvegane her som elles rundtom i landet, kan ein både sykle og gå. Same kven eg spør av folk som er mykje på tur, så «held dei høgre»

Les også
Kva er retta sida av vegen, når ein går på tur?

Eg er rett nok leiar i Stord Fitjar Turlag, men heilt privat er eg saman med nokre kjekke damer og me har ein, kanskje to dagar i veika ein såkalla « goggetur» rundt Ådlandsvatnet... går litt og spring litt, stort sett etter kvarandre på høgre sida. Det er ikkje overbefolka på turvegen rundt Ådlandsvatnet, men etter pandemien kom er det å halde avstand viktig. Eg/me har vendt oss til å halde til høgre når me møter folk, og på ein helst «kjomsleg» og litt humoristisk måte har eg sagt «hold høgre».

Hald høgre vart også sagt til eit par me hund i band som kom i mot oss på måndag i forrige veke. Mannen reagerte tydeleg med protest og me hadde ein «bitteliten» diskusjon. Eg meiner heilt sikkert at eg både smilte og ynskja dei god tur vidare. Eg trur aldri eg har skjelt ut eit einaste menneske i heile mitt liv!! Heldigvis var me 5 eller 6 med i «goggegjengen» som alle var vitne til denne aktuelle hendinga.

Paret eg snakka med, som verken eg eller dei andre eg var saman med kjente, må ha blitt veldig fornærma, og dei to visste tydeleg kven eg var, og eg er med det definert som «turlaget». Dei tok då kontakt med Sigmund Kroka som skreiv eit veldig krasst stykke som mange har sett spørjeteikn ved og som sto i avisa på måndag.

Der finnes ingen lov om kva side ein skal bruke på turvegar, Trygg Trafikk som Sigmund tydeleg har hatt kontakt med seier ein bør bruke «sunn fornuft». Byrådet i Bergen rår folk til å halde høgre på turvegar... Eg ( som privatperson) har sagt « hald høgre» med eit smil nokre gonger dette året. To gonger har eg opplevd at det er blitt litt diskusjon av det...

Dette har ikkje vert diskutert i styret i Stord Fitjar Turlag, men både som privatperson og som leiar i turlaget syns eg at å halde til høgre på Turveg er ein grei regel. Den regelen vert fylgt både i Oslo og i Bergen, og mange mange andre plassar.

No når me har pandemi syns eg det er viktig å ha reglar å halde seg til, så kanskje me bør eg ta det opp med styret mitt og så med rette vedkommande i kommunen og få opp skilt med påminning om regelen her hos oss også??

Sjølv ser eg på meg sjølv som eit imøtekommande, sosialt, inkluderande og blidt menneske som særleg desse siste sju -åtte åra har lagt ned utruleg mykje tid og energi saman med veldig mange andre i Stord Fitjar Turlag , for å legge til rette for at flest mogeleg unge, ungdommar, vaksne og seniorar skal kunne ferdast over heile øya...Gode merka stiar, godt kart, flotte turmål, flotte tilbod om fellesturar kvar einaste veke, både krevande turar og lavterskel turar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag (tysdag) har eg saman med 14 andre hatt stordugnad inne v Gapahuken i Stuvikjo. Nytt dekke av oppmalt oljegrus inni Gapahuken. Masse ved er kappa og ligg klar for kløyving, og alle bord og benker vart skurt med grønnsåpe, Jif og klorin og spylt... God stemning og berre kjekt alt! Eg er stolt av å vere med på slikt!

Sigmund Kroka, prøv å legg merke til noko av det som er positivt i Stord Fitjar Turlag og skriv om det. Eg legg ved Bergen Kommune sine Turvettregler, dei kom i fjor då Pandemien kom:

Hold avstand

Husk hånd og hostehygiene

Gå på høgre side

Gå på tur når færre folk er ute

Prøv alternative turveier

Desse reglane kan godt passe på Stord/Fitjar også.

Så víl eg berre sei god tur til alle! Ein rask tur ut hjelper for det meste!

Elles så ser eg meg ferdig med akkurat denne «saken»

Artikkelen held fram under annonsen.

Gerda Øen, som slett ikkje ynskjer å ha turvegane for meg sjølv