SYKKELBY? Naturvernforbundet meiner det skjer for lite rundt prosjektet Sykkelbyen Stord. «Rett nok står det igjen nokre flotte sykkelskur som eit minne om gode intensjonar», skriv Hallgeir Matre og Helene Mossefinn Hystad. Foto: Steinar Hystad

Sykkelbyen Stord?

Det er flott å sjå at kommunen no har inngått ein intensjonsavtale med Trygg Trafikk og Vestland fylkeskommune om ein såkalla «trafikksikker kommune». Det er ei utruleg viktig sak som no ordføraren frontar.

Det er snart to år sidan politikarane på Stord skrinla ein visjonær plan for ei trafikktrygg utvikling på Stord. Leirvik skulle bli ein trivleg by med gode tilhøve for gåande og syklistar. Her skulle det bli lett å nå sentrum utan bil. Det vart lagt ned eit stort og grundig planarbeid der det lenge såg ut til å bli eit politisk fleirtal for gjennomføring. Gode stateleg tilskot og bompengeinntekter på E-39 vart klarert. I siste sving snudde nokre politikarar og det vart ikkje fleirtal i kommunestyret. Sidan har det skjedd svært lite. Rett nok står det igjen nokre flotte sykkelskur som eit minne om gode intensjonar. Naturvernforbundet synest det er ille at miljøplanen vart vraka, men me ønskjer å ta fatt i saka igjen og skapa entusiasme for at gåande og syklistar skal få gode tilhøve i kommunen.

Les også
Stord har signert avtale om å bli trafikksikker kommune

Me ønskjer verkeleg at Stord skal bli ein trafikksikker og grøn miljøby. Stord kommune er svært komprimert i areal med korte avstandar til sentrum. Dei geografiske tilhøva er heilt ideele for å kunna utvikla Stord til ein sykkelby. Men i dag er det ein bilby og det er svært vanskeleg å ta seg fram på kronglete fortau. Planen som låg føre var gjennomgripande og krevjande, men framtidsretta. Dette var og eit viktig grep for å kunna nå klimamåla våre med ein nullvisjon.

I tida som har gått, har kommunen svikta i høve til overordna planlegging og mykje nybygging skjer på «drop-in» der det manglar heilskap og funksjon. No får me og ein nyoppretta folkehøgskule midt i sentrum. Kva grøn infrastruktur har me for det? Det er mange spørsmål som kan stillast og Naturvernforbundet ser det som svært viktig at miljøplanen og Stordpakken vert vurdert på nytt.

Les også
Ikkje meir sykkelby-pengar å få

Skal det bli ei endring som monnar, så krevst det stor investeringar. Naturvernforbundet ønskjer å få til stands, aksjonar og møteaktivitet omkring saka, gjerne med gode førelesarar som kan inspirera oss til å skapa ein trafikksikker og «grøn» by. Dette er ei saka som hastar om sykkelbyen Stord skal bli eit «fyrtårn» for sykling, slik det var tenkt. Kanskje den nye intensjonsavtalen om «Trafikksikker kommune», kan gi oss nytt mot.

Hallgeir Matre og Helene Mossefinn Hystad, Naturvernforbundet på Stord