MØRKT: Slik såg det ut då Fredrik Litleskare kom nedover Borggata i førre veke. Ein lesarbrev-skribent meiner reglane seier gangfart med sykkel i gågata. Foto: Privat

– Sykling her skal skje i gangfart

Viser til reportasje i Bladet Sunnhordland på fredag. Saka handla om ein kjend høgrepolitikar og syklist, som i fylgje reportasjen kom «i litt fart i mørket», og so holdt på å kollidere med eit sperregjerde ved Eikelandshuset. Det var og fortalt om fleire morgontrøytte syklistar, som leid samme skjebne. Politikarsyklisten peika i reportasjen på at utbyggjar må fylgja trafikk-og skiltreglar.

Les også
Høgre-politikaren nær stygg sykkelulukke i Borggata

La meg difor, i sakens anledning, få minna syklist og tidlegare trafikkskulelærar, samt andre syklistar, om reglane for sykling i gågater.

«Gågate, skilt 548, Gågate, har de samme regler for syklister som gangvei.»

«Gangvei, skilt 518, gangvei, er bestemt for gående. Sykling er tillatt. Passering av gående skal skje i tilnærmet gangfart.»

Norsk Lovdata §13.Forskrift om kjørende og gående trafikk,

Punkt 3. «På gågate eller gatetun må det ikke kjøres fortere enn i gangfart.»

Eg vil tru at om ein møter eit gjerde på sykkel i gågata, i tilnærma gangfart. Vel,så kjem ikkje det gjerdet så brått på. Og er du morgontrøytt, så bør du i alle fall ikkje sykle i «litt fart»

Men la no ikkje meg kritisera syklistane. For all del.

Jan Hevrøy