Kommunestyret på Stord går for 25-metersbasseng og basishall på nye Nysæter ungdomsskule. Illustrasjon: Vis-a-vis Foto: VIS-A-VIS/Illustrasjon

Syskenborna til Ole Brumm

Du finn dei både til høgre og venstre for den gamle ideologiske skillelinja i politikken, desse godhjarta politikarane, som seier: Ja takk, begge deler! Desse som støttar den gode sak. ALLTID!

Dei kjem aldri opp i det dilemma at dei må velja mellom fleire gode saker, at dei, av økonomiske grunnar, må seia nei til noko som elles kunne vore kjekt å ha.

For økonomi er, hos desse, alltid underordna gleda av å syna veljaren sin at eg stør akkurat di sak. Så får det vera opp til dei «kjedelege» partia i kommunestyret å ta stilling til om eit forslag er økonomisk forsvarleg, eller ei.

Les også
Går for 25-metersbasseng og basishall på nye Nysæter

Og syskenborna til Ole Brumm kjem som regel unna utan at nokon stiller dei til ansvar for alle dei godhjarta vala deira. Pressa stiller heller opp med kritiske spørsmål til dei av politikarane som ser at kommunekassa ikkje er utstyrt med ei utømeleg gullåre.

OM NYSÆTER SKULE: – Kva vert no dei økonomiske og politiske konsekvensane – om politikk blant anna består i å velja – og velja bort? spør Per Jan Ingebrigtsen i dette lesarbrevet. Arkivfoto: Anita Haugland

Sagvåg får til dømes ein fantastisk flott ungdomsskule, ja mykje meir enn det, dei får ein fleirbrukshall som vert både eit framifrå forsamlingslokale for heile bygda, i tillegg til at han kan nyttast til alt frå idrett til konsertar og teaterframsyningar. Dei får også eit 25 meters svømmebasseng. Alt dette er dei vel unt. Men i eit kompromiss mellom dei største partia, får dei også ein BASISHALL.

Når Ap går inn for hallen, er det fordi ein elles ville ha enda opp med kostbare klatreveggar. Partiet burde likevel markert tydelegare at dette kan vera steget ut i eit kommunalt økonomisk uføre.

Les også
Jublar over basseng og hall

Summen på heile prosjektet vil komma til å ligga på om lag 400 millionar kroner. Det er over det dobbelte av det Stord ungdomsskule kosta, sjølv om det skal seiast at prosjekta ikkje er heilt samanliknbare.

Kva vert no dei økonomiske og politiske konsekvensane – om politikk blant anna består i å velja – og velja bort?

Sannsynlegvis vil dei som no begynner i første klasse ved Leirvik skule gå ut av barneskulen i dei same lokala der eg begynte i første klasse i 1953 – og der far min begynte i første klasse i 1921.

Les også
Basseng-ekspert: – Tala til Stord-rådmannen er feil

Så får me sjå kva konsekvensane vert for LAR, sosialtenestane og helsetenestane i kommunen – og for resten av idretts- og kulturlivet, inkludert ein så viktig institusjon som Kulturskulen. For ikkje å snakka om naudsynt oppussing av Kulturhuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

For syskenborna til Ole Brumm er ikkje dette noko problem, dei seier berre JA TAKK; BEGGE DELER – men for oss andre …

Per Jan Ingebrigtsen