GUTTA PÅ TUR: – Skal ein nyta det gode liv som pensjonist må ein gjera ein eigeninnsats og godta at ikkje alle ledd er slik dei eingong var, skriv Oddbjørn Kvåldvold i oppsummeringa si. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Takk for ein fantastisk dag

Eg sit her ei tidleg morgonstund og summerer opp etter ein fantastisk turdag i lag med våre vener på Bømlo. «Gutta på tur» (GPT) aktiviteten har vorte eit fast innslag i mi pensjonisttilvære kvar torsdag dei siste 12 åra. Fire gongar kvart år er turgruppene på Bremnes og Stord vekselvis saman og nyt den flotte sunnhordalandsnaturen i lag. No på torsdag var me 23 frå Stord som tok turen til vest mot havet og samlast ved innkøyrsla til Selsvegen. Her stod dagens turleiar Johannes Sortland og tok i mot oss. Køyreturen utover mot Oddbjørn Laurhammar sitt gardstun var ei reise gjennom eit kulturlandskap som enno vert halde i hevd av beitande dyr.

Turen ut til Straumen ved Selsfjorden gav mange flotte synsinntrykk og påminningar om ei tid då folk sette tæring etter næring og dyrka opp og utnytta dei små jordlappane som var tilgjengeleg. Turen gjennom kulturlandskapet vart krydra med artige historier som den flinke forteljaren Johannes Sortland serverte oss. Både indre og ytre Pøylo var ein viktig del av kvardagslivet for dei som budde i dette området, men og nokre frå Rubbestad kom traskane gjennom marka til naustet sitt i Pøylo. Då me satt ved Straumen og hadde matøkt, kom ein makrelldott til overflata i straumområdet. Ei påminning om kor viktig Selsfjorden hadde vore som «matfat», og Johannes kvitterte med korleis fangstane vart transporterte til heimane med kipa på ryggen.

Johannes Sortland hadde «lese seg opp» om kraftverket som elektrikar Hartmann Stavland bygde i mellomkrigstida i Seleelva. Tradisjonen fortel at då Stavland i 1935 var på sykkeltur til Hardanger, kjøpte han eit defekt aggregat som han vikla om. Straumproduksjonen vart utvida fleire gonger, 20 - 26 og til 55 kw i 1944. I siste perioden vart òg kundekretsen utvida til 200 abonnentar. I dag ser me berre fundamentet og inntaksdammen av det vesle industrieventyret som ein framsynt mann utvikla i nedre del av Seleelva. Den første utbygginga i det vesle vassdraget, produserte straum til den nærmaste busetnaden, men etter kvart vart utstyret modernisert og fornya. Gaiden vår Johannes, fortalde og om to stamper og 4 kverner som i periodar var i bruk fram til 1930 i elva. Stampemøllene var eit viktig verktøy som i eldre tider vart nytta til handsaming av tøy og skinn. Mellom anna måtte vadmålstøy handsamast for å verta mjukt og halda godt på varmen. Her på Leirvik står det oppmontert ei stampe frå Røykjenes nede i elva frå Vikastemmo.

Dei systematiske turane som GPT arrangerer på Bremnes og Stord gjev mange gode stunder for oss aldrande menn. Eg har skreve før at kroppen vår er laga for rørsle. Ja, skal ein nyta det gode liv som pensjonist må ein gjera ein eigeninnsats og godta at ikkje alle ledd er slik dei eingong var. For meg er alderen ikkje berre eit tal. Eg må godta at det fyljer noko med, noko som ikkje den beste lege eller kirurg kan retta opp. Ein må finna aktivitetar som passar fysisk, og nyta den gode praten og det sosiale fellesskapet i veneflokkar.

Så til slutt vil eg retta ei stor takk til min ven Johannes Sortland, og til bonden Laurhammer ytst i Selsvegen, som tilrettela god parkering i gardstunet sitt. Ja, me fekk ein minnerik tur i det strålande haustværet, der kropp og sjel fekk påfyll. Muskelgruppene langs ryggsøyla vår hadde godt av trimmen dei fekk på den litt utfordrande stien langs ytra og indre Pøylo.

Med helsing

Oddbjørn Kvålsvold,

GPT Stord