«Me opplever at kritikken for innretninga i ferjepakken overdøyver korpsmusikken», skriv Høgre-politikarane Liv Kari Eskeland og Magne Bjelland. Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Takk for utfordringa, Sp – den tek me

Dei to lokallagsleiarane i Stord og Fitjar Sp utfordrar Høgre i lokalavisa måndag 30.05.22.

Det er hyggjeleg å få ei slik utfordring – og sjølvsagt tek vi den.

Senterpartiet har i desse dagar vore rundt og feira gratis ferjer til enkelte småsamfunn med kake og hornmusikk. Likevel opplever vi at kritikken for innretninga i ferjepakken overdøyver korpsmusikken. For det første er det ikkje alle øysamfunn under 100.000 innbyggarar som får gratis ferje. Her er det gjort eit utval basert på departementet si vurdering av kven som bør få desse gratisferjene. Vidare er det uklart kva som kjem til å skje med ferjebilletten den dagen passasjertalet overgår 100.000 passasjerar, og ikkje minst – kva konsekvensane vert når trafikken tek seg opp, medan ferjekapasiteten vert uendra og folk vert ståande att på kaien. Men det som har fått mest kritikk, er den einsidige satsinga på ferjer, medan øysamfunn som har berre har hurtigbåtforbindelse, slik som Espevær, ikkje får éi krone i kompensasjon. Dette gjeld svært mange øysamfunn, berre i Nordland er det 79 anløp til øyer med hurtigbåt der det ikkje er ferjeanløp. For dei fastbuande og næringsdrivande på desse øyane er det heilt uforståeleg at ein legg opp til ei slik skeivfordeling.

Høgre si løysing her, er å halde fram det arbeidet vi sette i gong i vår regjeringsperiode med å redusere jamt over for ALLE ferjer, utan diskriminerande utslag som vi her vert vitne til. Dette gjer vi gjennom dei ordinære budsjettprosessane.

Liv Kari Eskeland og Magne Bjelland. Foto: Privat

Vidare har vi fått eit historisk jordbruksoppgjer, sjølv om store delar av oppgjeret er å rekne som eingongsutbetaling for å kompensere bøndene for dyrare straum, dieselkostnader, gjødselkostnader mm. Likevel opplever vi ikkje den åtgaumen i næringa som Sp viser til – bøndene meiner at ein framleis treng meir for å tette inntektsgapet som Sp lova dei skulle rydde opp i om dei kom i regjering.

Det dei to Sp-leiarane ikkje seier eit ord om, er at Sp si glede over å bruke pengar også har ei medalje-bakside. Og det kjem til å gå ut over vanlege folk. For det er ikkje berre jordbruksoppgjer og gratisferje til små øysamfunn dei brukar pengar på. Det gjer dei også på oppløysing av fylke og re-etablering av lensmannskontor, reversering av domstolsreform, samstundes som dei no seier nei-takk til inntekter ein kunne fått gjennom konkurranseutsetting av tog, for å nemne noko. For vanlege folk vil dette utgjer ei generell renteauke på 5-7.000 kroner i året. Dette kjem på toppen av auka matvareprisar, auka drivstoffkostnader, auka straumprisar og den generelle renteoppgangen som vi no har fått.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Utfordring til Høgre i Fitjar og Stord

Høgre er oppteken av å ta heile landet i bruk, og legge opp til at lokalsamfunna skal få utvikle seg. Til det treng vi god infrastruktur og mobilitet. Det er noko av det beste vi kan investere i for komande generasjonar. Diverre ser vi no at regjeringspartia raslar med sablane og vil sette bremsene på infrastrukturtiltaka som ligg i nasjonal transportplan. Dette er dårleg nytt for distrikta, men vi forstår jo at også Sp treng å hente pengane sine ein plass. For ingenting veks inn i himmelen.

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant Høgre

Magne Bjelland, leiar Stord Høgre