8. MARS: - Vi treng fleire bein å stå på, og at fleire kjem i jobb. Vår velferd vert sikra gjennom fleire jobbar og høg arbeidsdeltaking, skriv Liv Kari Eskeland i lesarbrevet.

Takk til kvinner

Noregs viktigaste formue er ikkje olja, men folk som går på jobb. Noko av det som har gjort oss til det rikaste landet i verda er at også kvinner utgjer ein så stor del av arbeidsstyrken, og at dei også bidreg til å skape arbeidsplassar. Vi er kanskje ikkje alltid flinke nok til å tenke på kva forskjell dette faktisk gjer. Det er ingen tvil, kvinnelege jobbskaparar er også avgjerande for vår felles velferd.

Noko av det beste med vervet mitt er at eg får ha god kontakt med næringslivet i regionen, og difor også treffe inspirerande kvinner. Og dei siste dagane har vi også kunne lese om mange modige kvinnelege grundere som satsar alt for å skape nye arbeidsplassar for seg sjølv og etter kvart fleire.

Les også
Kvinne og samfunnssak

Fredag kunne vi lese om Johanne Teiglid som opnar ny blomebutikk på Bjelland. 28 åringen har gründerblod i årane, og er tredje generasjon kvinne som skaper sin eigen arbeidsplass. Dette gjev også groboten for ein ny bydelsmøteplass, heilt i tråd med vedtekne bærekraftsmål.

To sider lenger bak kunne vi lese om Rebecca Alsaker som har hatt suksess med Tre Piker, og er no klar for å starte bedrift nummer to, Verftet. Og ho har like godt tilsett ein medarbeidar frå første dag. Sjølv koronaperioden har dei handtert med innovative grep, og har hatt høgare omsetnad no enn føregåande år.

Og ikkje nok med det – Dina Fonn Sætre frå Stord finn vi saman med mannen på side 15, godt plassert midt i ein potetåker, der ho no driv den største potetgarden i Nordland. I år vart dei kåra til årets bønder. Innovasjon til tusen – der små poteter løyser problem med matsvinn. Dette er fantastisk kjekt!

Les også
Slik blir 8. mars markert på Stord

Og vi kan halde fram – Margareth Ottesen Mjønes kan no tilby himmelhytter i tretoppane og på den måten har dei fått ytterlegare ei inntekt til drifta si, og eit stort aktivum for kommunen. Bookingane er allereie på veg inn, og skal ein få teste ut konseptet, må ein no vente til ut på hausten fordi det allereie er bortbestilt.

Det finst mange som Rebecca, Dina, Johanne og Marareth her i regionen vår. Driftige damer som skaper lærlingplassar, gir barna våre sommarjobbar, skaper attraktive lokalsamfunn og som syt for skatteinntekter for vår felles velferd. Vi treng fleire bein å stå på, og at fleire kjem i jobb. Vår velferd vert sikra gjennom fleire jobbar og høg arbeidsdeltaking. Takk til Rebecca, Dina, Johanne og Margareth. Tusen takk til deg som skaper jobbar. God 8. mars!

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant, Energi-og miljøkomiteen

Les også
Kvinnedagen 2021: – Pandemien har kasta flaumlys på kjønnsdelt arbeidsmarknad