– Så langt har ikkje eg klart å finna ei truverdig forklaring på kvifor NVE (nettselskapa) skal innføra effektavgifter. Men, ein ting er eg trygg på, du som forbrukar vil ikkje tene på dette, skriv Dag H. Gravdal i dette lesarinnlegget. Foto: Illustrasjon

Tankar kring «Ei meir rettferdig straumrekning»

Det var med interesse eg las lesarinnlegget til direktøren i Haugaland Kraft Energi AS før jul, der han skriv om timeprising på straum.

I mitt hovud er det slik at dersom ein gjer endringar i ein avtale i eit kunde leverandør forhold, så spør ein før endring vert gjort. Spørsmålet som burde vore stilt til deg som kunde er: Vil du ha gjennomsnittspris eller timepris på straumen me leverer? Dette spørsmålet vart aldri stilt, no vert du informert i etterkant om at prisendring er gjort. Så skal det vera opp til deg å bruka straumen smart for få ned timeprisen. Kor enkelt er det? Da e`løye med da men, det er no ein gong slik at etter endt arbeidsdag vil me t.d. laga oss middag til rett tid og på eit kjøken som det er lunk i når me kjem heim. Å bruka vaskemaskinen som døme på kva ein sparar eller tapar på omlegginga, er i beste fall svada.

Les også
Ei meir rettferdig straumrekning

Ingen må tru at det er av rein barmhjertighet, eller for at det skal vera meir rettferdig, at målarbytte er gjort. Når nettselskapa skiftar ut 2,9 millionar fullt brukande straummålarar til ein kostnad på 9-10 mrd. kroner, pluss driftskostnader. Så er dette er gjort for å gi auka inntening. Dette kjem kraftverksdirektøren så vidt inn på i siste avsnitt i innlegget sitt, der han opplyser om at selskapa utviklar «smarte» styringssystem som automatisk justerer straumforbruket ditt. Det er nemleg slik at den nye målaren i seg sjølv ikkje gir meir effektivt energibruk. Den nye målaren sender info om din straumbruk i sanntid til nettselskapet. Du sjølv får ikkje tilgang til denne infoen, før du aktiverer HAN-porten på målaren din og koplar på tilleggsutstyr. Dermed får du ikkje nytta strømmålaren til noko anna enn som før, nemleg å lesa av straumen.

Men, dette er berre starten på galskapen. NVE (nettselskapa) prøvde i fjor seg på å innføra effektavgifter. Der sluttsummen på rekninga i mykje mindre grad enn før vert påverka av kor mykje straum du brukar totalt. Det er den samtidige straumbruken som vil bety noko. Kor mykje straum du brukar på ein gang. Forslaget om dette vart trekt, etter press frå Forbrukarrådet, Huseiernes Landsforbund m.fl. NVE skal visstnok leggja fram nytt forslag om dette i år. Så langt har ikkje eg klart å finna ei truverdig forklaring på kvifor NVE (nettselskapa) skal innføra effektavgifter. Men, ein ting er eg trygg på, du som forbrukar vil ikkje tene på dette.

Ved sist kommuneval vart bompengar den store snakkisen, slik eg ser det så seglar effektprising på straum opp som ein god kandidat til å verta snakkisen ved stortingsvalet neste år.

Dag H. Gravdal