– Desse ordlagingane har vorte til i dei siste hundreåra før vikingtida, så det er ikkje rart at me i vår tid strevar litt når me skal skjøna samanhengen!, skriv Sigmund Grønsdal. Foto: Steinar Hystad

Tankar om skuten og skytja

Notisen i »Sunnhordland» om skytjeskukken før jul har vekt interesse hos fleire enn underskrivne. Sist er det Sigrun Røssbø, som kjem med viktige presiseringar og korreksjonar fredag 27. desember. Hennar innlegg støttar godt opp under tanken om at ordet skal skrivast «skytje» og ikkje «skykkje». Dessutan peikar ho på at både skut og skytje opphavleg var tilbygg til eit anna hus, medan eg såg skuten som ein frittståande bygning.

Så skriv ho: «Men skytja er altså ikkje forminskande form av skut, men eit eige ord, som tyder om lag det same». Då byrjar eg å undra meg. Dersom det ikkje var nokon skilnad på storleik eller bruksområde på dei to uthusa, kvifor var det då naudsynt å snakka om skytja? Ein hadde jo skut. Svaret må etter mi meining liggja i at tilbygga vart nytta ulikt og/eller ikkje var like store.

Eg trur at eit ord oppstår fordi det dekkjer eit behov. Kva ligg ulikskapen i? Kanskje får me ein peikepinn i at me høyrer om «møkaskuten», men ikkje om «møkaskytja». Det fyrstnemnde uthuset var naturleg nok bygt inntil floren, medan skytja stod i samband med bustadhuset. Kan me sjå skuten som eit «grovlager» knytt til gardsdrifta og skytja som eit lett tilgjengeleg «daglegvarelager» for ved og reiskap?

Les også
Kjære Sunnhordland, det treng vel ikkje gjerast så vanskeleg!

At dei to orda er språkleg i slekt, er for meg opplagt. Og det er interessant at Alf Torp i «Nynorsk etymologisk ordbok» skriv følgjande: «Skytja f (tilbygning i lade, smalt rum paa siden av huset, NBh:. Andre steder uttalt med -kj: skykkja, skøkju, osv., Østl; usselt litet hus (skykkje) Roms Snm Hel). Her er vel fonetisk : sammenfald av to forskjellige ord: gno. Skytja f tilbygning (av bord), skur, en dimin.-dannelse (*skutión) til s k o t , og et *skykkja, dimin. Til s k u k k ; (…)»

Under oppslagsordet «skot» viser Torp til «skut» som ein variant av det same ordet. Og «en dimin. dannelse» tyder ei diminutiv (forminskande) ordlaging.

Desse ordlagingane har vorte til i dei siste hundreåra før vikingtida, så det er ikkje rart at me i vår tid strevar litt når me skal skjøna samanhengen!

Sigmund Grønsdal

Les også
Skut, skytje og skukk