Meiningar: – Før eller seinare er det for seint å ta vare på planeten. Men då kan me til all lukke klamra oss til Hordfast, skriv Olav Bjørkum. Illustrasjon: Statens vegvesen

Tankespinn om Hordfast

Takk til femkløveren i Naturvernforbundet på Stord for innlegget i Sunnhordland 28. februar. Innlegget tar mellom anna for seg faren for eit redusert artsmangfald i flora og fauna.

Du kan samla alle lokalpolitikarar i Sunnhordland på ein stad utan tilgang til Google eller sosiale media og be dei skriva på ein lapp alle raudlista artar dei veit om. Eg tippar det vert mange blanke lappar. Eg ville sjølv stroke på same prøven.

Nøkkelordet for Hordfast er auka vekst. Drit i den lokale naturen. Me har jo Finnmarksvidda.

Det gjekk ikkje lang tid etter Gud skapte mennesket før han angra bittert tabben sin. Så han drukna alle i Syndefloa, med unntak av Noah og huslyden hans. Det var tabbe nummer to. Seinare balla det på seg med gråt og tenners gnissel fram til dagens vekstfilosofi. Gud trekte seg attende, og let menneskets frie vilje råda på jorda.

Vekst er det styrande mantraet i nasjonal og global politikk. Folkeauke og forbruksauke er positivt. Ved kvart årsskifte er det glede i norske kommunar der folketalet aukar. Då er det ikkje så nøye om folketallet globalt aukar med nokre millionar i same tidsrom.

Fødselsraten er for tida 1,5 barn pr. etnisk norske kvinne, så det kan etter kvart verta romsleg på norske motorvegar. Men det ordnar me ved å ta i mot fleire arbeidsglade og kunnskapsrike innvandrarar. Nordmenn er kjende for sin høgverdige etikk og moral, så innvandrarane får sjølvsagt same levestandard som oss. Dermed går det norske klimaavtrykket rett til vers. Me har ræva bak same kva me gjer.

Kva har dette med Hordfast å gjera? Vekst og auka forbruk er for meg det same som avfall, utarming av jord og minkande artsmangfald. Vekst har for meg dei same som føgjene som i Rachel Carsons bok «Den tause våren» og i Nalle Valtialas «Mennesket¬ – et skadedyr?».

Vekst er ikkje berre x km motorveg av høg standard der Hordfast-forkjemparane kan gli lydlaust avgarde med grønt samvet i bilar drivne av batteri som til dømes er laga av sjeldne mineral utvunne t.d. av slavearbeidarar ein annan stad på kloden. Attom seg har den lukkelege Hordfast-bilisten ein kø av godsbilar køyrde av t.d. lågtløna austeuropeiske sjåførar. Kontainerane er t.d. fylde av norskfanga fisk som er foredla i Kina. Køyrebanene er dekte med tonnevis av oljeproduktetet asfalt. Den blir etter kvart lovmessig gjort om til fint støv som me pustar inn og som avleirar seg i alle fødevarer.

Vekst – og fridom – er også overføring av norske verksemder til utlandet. Når kledde du deg sist i eit plagg laga i Noreg?

Dette er berre ein ørliten bit av den norske 'vekst'-mosaikken. Det er mogleg at Hordfast kan bidra til vekst, men det er i så fall ein vekst knytt til global styrd kapital og tap av norsk natur og arbeidsplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lista over negative sider ved veksten og globalismen er endelaus. Men me innordnar oss i ein kø der blind velstand er rettesnora. I nyliberalistisk ånd er det kapitalen som rår. Det er den som har monopol. Gløym at du er fri, for det er du ikkje.

I daglegvarebutikken ser eg ei mengd barneleiker og kjekt-å-ha-ting, alt laga av plast / kunststoff.

Me er flinke til å resirkulera plast, seier du? Store delar av plasten hamnar uansett i naturen. Vekst er sprøyting av gift over store landbuksareal. Vekst er rasering av regnskog for at me skal få meir av det me ønskjer oss eller ikkje treng. Vekst er eit enormt bruk og kast av elektriske varer som har innebygd kort levetid. Vekst er enorm kunstig stråling frå desse varene. Vekst finn du i ei kvar småbåthamn og i masseturismen. Alt avdi me fortener det. Vekst er ofte mangel på samvær med andre.

Før eller seinare er det for seint å ta vare på planeten. Men då kan me til all lukke klamra oss til Hordfast.

Olav Bjørkum,

Stord