Hund og katt: Kjellbjørg Lunde og Øyvind Halleraker står i kvar sin leir i Hordfast-debatten. Arkivfoto: Kjetil Østrem

Taparen Sunnhordland?

Pådrivarane for Hordfast over Bjørnefjorden, som ikkje fekk prosjektet sitt prioritert i fylkesutvalet, er naturleg nok skuffa.

No pågår det eit hardkjør mot dei politikarar og parti, som etter ei samla vurdering av udekka behov over heile fylket, har gjort sine prioriteringar. Av dei store og kostesame prosjekta, vil fleirtalet gi den rasutsette E16 og jernbanen mellom Bergen og Voss prioritet.

Samferdslestatsråden har gitt streng beskjed om prioritering, det er ikkje pengar til alt, og eit politisk fleirtal, AP, SP, MDG, KrF, Venstre og SV, har fylgt opp. Partiet Rødt og Folkeaksjonen Nei til mer bompengar går også mot Hordfast.

Les også
Lukkar me grinda for utvikling?

No satsar Hordfasttilhengarane på å få endra innstillinga og få prosjektet tilbake på topp når saka skal behandlast i Fylkestinget. Fungerande ordførar Jakob Bjelland og ordførar Gaute Epland slo på stortromma og varsla overgang til Rogaland på raude rappen, då dei ikkje fekk gjennomslag for sitt! Mange har undra seg over kva mandat dei har for det?

Elles er påstanden at Sunnhordland ikkje har fått og vil få, del i løyvingane til samferdsle, dersom ikkje Hordfast blir prioritert. Men er det slik ?

Ser vi på den nære historie, er det truleg at vi no hadde hatt ferjefri E39, med bru over Langenuen, tenleg veg over Tysnes, Fusa og vidare til Bergen, om ikkje Fylkestinget hadde gått frå sine opprinnelege planar. Dåverande fleirtal gjekk over til å støtte Hordfast over Bjørnefjorden, då det kom opp som alternativ. Forslaget hadde langt lågare kostnad enn det seinare viste seg å få. Og kven bl.a. sto bak dette alternativet ? Jau, brødrene Halleraker, den eine Svein, fylkestingsrepresentant over mange periodar, og Øyvind, kjend frå sine engasjement i bompengeselskap, seinare stortingsrepresentant og dei siste åra, NHO- finansiert sjef for lobbyorganisasjonen Hordfast AS.

Les også
Ber om habilitetsvurdering av Halleraker før fylkestinget skal handsama NTP-uttalen

Men kva har så Sunnhordland fått i denne perioden? Trekantsambandet må vel teljast med?Utbetringane av E39 over Stord har gitt oss ein tenleg to-felts veg. I Bømlo er det i gang ei storstila nybygging og opprusting av vegnettet. Vi har fått miljøvenlege ferjer og hyppigare avgangar i viktige ferjesamband, som Halhjem Sandvikvåg; det viktigaste for gjennomgangstrafikken langs kysten i vårt område. Men det er mykje som står igjen og som treng prioritet og pengar. Fylkesvegnettet bl.a. Det treng eit solid løft, og der må Tysnes og Fusa bl.a. stå for tur. Rassikring må prioriterast, det går no ras der ein før trudde det var trygt, og verre kan det bli.

Dei høgaste ropa om at Sunnhordland ikkje blir prioritert, er frå dei som i forrige periode sytte for at «Stordpakken» ikkje fekk fleirtal i kommunestyret. Ei framforhandla plan, der staten og fylket skulle ta mesteparten av kostnadane, mens bilistane skulle stå for sin del gjennom bompengar, blei skrota. Denne satsinga skulle gitt eit samanhengande gå- og sykkelvegnett over heile den tettbygde delen av kommunen, miljøgate i sentrum og nye lokalvegløysingar. Desse pengane sa Epland og Bjelland nei til, saman med fleirtalet av representantane frå Høgre og FrP. Det høyrest difor merkeleg ut at dei no påstår at Sunnhordland/Stord ikkje får gode av dei prioriteringane fylkesutvalet har gjort.

Les også
Held fast på midtre trase for Hordfast

Fylkesutvalet har bl.a teke inn igjen bygging av sykkel- og gangvegar mellom Heiane og Leirvik/Ådland bru, som fleirtalet i Stord kommunestyre nedprioritert i si innstilling til NTP, til fordel for Hordfast. Dette var i strid med rådmannen si innstilling. Kva vil skje om Fylkestinget gjer om på prioriteringa og tek Hordfast inn? Prioriteringa av veg- og jernbane mellom Bergen og Voss blir ikkje teke ut. Høyringsfråsegna går så til regjering og Storting, uprioritert når det gjeld dei store og kostesame prosjekta.

Når Fylkestinget ikkje prioriterar, gjer regjering og Storting det. Og kven bestemmer der når saka skal behandlast første halvår 2021? Sjølv om FrP er ute av regjering, er det deira opplegg frå Samferdsledepartementet, som har fått 1. 5 milliardar i planleggingsmidlar, som har støtte frå regjeringssjefen. I Stortinget har Hordfast sterke støttespelarar frå Hordaland; Liv Kari Eskeland og Tom-Christer Nilsen frå Høgre og Magne Rommetveit frå AP. At det også er familiære band mellom pådrivarane lokalt og i Stortinget, gjer vel ikkje påverknadspotensiale mindre?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ein kan bli så forbanna ...

Resultatet kan bli at heile innstillinga og prioriteringa fylkesutvalet har gjort vil bli sett til side. Bergen- Voss blir ikkje prioritert, og prioritering av pengesluket Hordfast vil gi mindre pengar til det som no ligg i fylkesutvalet si prioritering; opprusting av E39 mellom fjordkryssingane, rassikring, fylkesvegar, bybanesatsinga i Bergen, gang- og sykkelveg-satsinga m.v.

No er det viktig at dei som er samde med fylkesutvalet sine prioriteringar, let seg høyre. Hordfasttilhengarane, som er van med å få det som dei vil, framstår som om dei har mange bak seg. Det som har vore gjort av seriøse opinionsmålingar, viser at svært få meinar Hordfast skal prioriterast. Eg vonar fylkesutvalet held fast på si gjennomarbeidde og balanserte innstilling, til beste for både Sunnhordland og resten av fylket.

Kjellbjørg Lunde