Protesterer: Anita Lie Koppang, Kristina Folkestad Nicholls, Wenche Elin Midttun og Ragnhild Vad reagerer med skrekk og vantru på at borna deira nok ein gong skal bli skadelidande når Stord kommune skal kutta kostnader. Foto: Privat

Til barnets beste?

I rådmannen si innstilling/framlegg til budsjett for 2020, føreslår han å leggje ned avd.Nysæter i Sagvåg barnehage, med verknad frå hausten 2020.

Me reagerer med vantru. Dette har me vore gjennom ein gong før. Som dei fleste her veit, er det berre halvanna år sidan kommunen vedtok å leggje ned nær-barnehagen vår på Litlabø, og slå saman Sagvåg og Litlabø og Tjødnalio barnehagar. Barna frå avd.Litlabø, vart flytta til avd.Nysæter, som no er føreslått nedlagt.

Me som foreldre har sett korleis det var for ungane å måtte byte barnehage grunna nedlegging. Nokre av oss har hatt daglege kampar både kveldar, netter og morgonar med tanke på å få barna våre til å gå i ny barnehage. Me har hatt kampar med mykje kjensler og tårer, redsel og sinne. Me som foreldre har gjort alt me kan for at barna våre skulle få ein mjuk og god overgang frå ein trygg og liten barnehage, som barna våre enno saknar, og til ein ny og større barnehage der det meste vart nytt for dei. Nokre av oss hadde kampar, kvar einaste dag i eit heilt år, då me skulle levera frå oss det mest verdifulle me har, i ein ny barnehage.

Konsekvensen av rådmannen sitt forslag er at dette må no nye 30 barn gjennom, og fire av dei for andre gong! Neste haust, er dei fortsatt fire barn att, som då har sitt siste år i barnehagen, og som nok ein gong må byte barnehage. Dette for eitt år, før dei må tilpasse seg endå ein ny kvardag, i skulen. Vil de verkeleg utsetja desse små borna våre for enno ein slik prosess?

I rammeplanen for barnehagane, som ein finn på udir.no sine sider, og som omhandlar barns psykososiale miljø står det:

«Små barn har behov for forutsigbarhet, trygghet, stabilitet og beskyttelse i nær relasjon med andre. Derfor trenger barna varm, sensitiv og stimulerende omsorg fra de ansatte i barnehagen. Gode erfaringer gjennom trygge relasjoner styrker barnets selvbilde, øker trivsel og bidrar til positiv utvikling. Når barnet føler seg trygt og godt ivaretatt, er utgangspunktet for læring og mestring det beste. Arbeid med relasjonene mellom voksne og barn og barna imellom er sentralt for å utvikle og sikre barna et godt psykososialt barnehagemiljø».

Gode og nære relasjonar, og eit godt samspel mellom barn og vaksne i barnehagen er altså viktige føresetnader for eit godt læringsmiljø, og for å kjenne seg trygg. Det tek tid å bli kjende, bli forstått, og for dei vaksne å forstå kva behov kvart barn har.

Er det mogeleg å skape desse trygge rammene for barna våre, når de vurderer å flytte rundt på dei enno ein gong? Dei trygge vaksne forsvinn ifrå dei, og barna dei er trygge på vil forsvinna ifrå dei.

Helsedirektoratet skriv på sine sider om barn si psykososiale helse: «En god psykososial helse forbindes med opplevelser av trygghet, mestring, nærhet og livsglede».

Vidare står det: «Mistrivsel og dårlige psykososiale forhold i barnehagen kan gi mange utslag hos barn. Barnet kan bli psykisk trett, få konsentrasjonsvansker, utvikle spisevegring, angst og nedsatt motstandskraft mot sykdom».

Det tok tid for fleire av barna som bytta barnehage ved sist nedlegging, å finne seg til rette, og tilpasse seg ny barnehage. Somme brukte heile det første året. Å tenke på at desse nok ein gong risikerer å gå gjennom det, gjer vondt. I tillegg er det no nesten 30 andre ungar som skal oppleve å bli flytta på for første gong…..

Dei fire barna som endå ein gong risikerer å måtte bli flytta på, er ikkje berre eit barn eller ein barnehageplass på papiret. Dei er fire ulike barn, med ulike behov. Det tek tid å bli kjend med dei, og det tek tid før dei kjenner seg trygge. Me ber om at de hjelper dei med å behalde barnehagen på Nysæter fram til ny barnehage i bydel Sagvåg vert ein realitet i 2023.

Dei er ikkje brikkar ein kan flytte rundt på, grunna dårleg kommuneøkonomi. Dei er desse flotte barna de skal få sjå no, som treng ein trygg og stabil kvardag i barnehagen dei no endeleg er byrja å kjenna.

Og for de som skal avgjere dette, ønsker me at de skal ha følgjande i tankane:

«Alle handlinger og avgjørelser som berører barnet, skal ha barnets beste som grunnleggende hensyn», jf. Grunnloven paragraf 104 og barnekonvensjonen artikkel 3, nr. 1.

Anita Lie Koppang

Kristina Folkestad Nicholls

Wenche Elin Midttun

Ragnhild Vad