Flagg: Jarle Jæger (t.v.) ber Fitjar-ordførar Harald Rydland (t.h.) om å heisa regnbogeflagget. Foto: Arkiv

Til Harald

Pride-flagget er ei så ung og viktig sak at me har ikkje råd til å seie nei til slik ei viktig flaggsak. Flaggets makt er stor, og løftet det gjev med vaiande fargar på slik ein dag er viktig. Det er det minste me kan gjere!

«Det er makt i de foldede hender», vert det sagt, og det er sant, skummelt sant. Ein kan endeleg folde hendene, seie nei og teie, men det vil berre setje oss tilbake.

Les også
Kven bør få flagga på kommunen si flaggstong?

Me må vise borna og borneborna våre at me gjev dei nye horisontar og ikkje stoppar opp. Samfunnet må vise sitt storsinn ved å la kvar ei (flagg)stang verte brukt ved ALLE gode saker og høve.

Kjem ikkje flagget opp, vert saka undertrykt og det kan me ikkje ha. Eit kvart forsøk på å stoppe signal om åpenhet og kjærlighet er ei falitt-erklæring for samfunnet, og ve dei som gjer det. For alle dei flaggdagar Norge har, burde ein slik flaggdag med nye fargar vere gledeleg.

Les også
– Eg reknar med at den dagen Fitjar IL tek seriegull i fotball, kjem kommunen til å flagge for dei også

Husk: Flagget representerer respekt, toleranse, likeverd, fellesskap, solidaritet og samhold. For øvrig er flagglova i frå 1898 og klar for revisjon etter mitt syn.

Trur ikkje det vankar gapestokk fordi om ein heng opp litt fargar.

Jarle Jæger